Helse Sunnmøre kan vise til eit sjukefråvær på 6.4 prosent. Helseføretaket har som mål å redusere sjukefråværet på 10 prosent i 2010. På styremøte i dag kunne leiinga presentere eit sjukefråvær som syner ein reduksjon på 16 prosent i 2010. Dette viser at vi at vi i tidsrommet frå januar til august hadde ein reduksjon i tapte dagsverk på 1870.
Pressemelding
28. september 2010
Same periode i fjor var sjukefråværet på 8.2 prosent, og vi kan dermed vise til ein nedgang på 1,8 prosent. Reduksjonen er eit resultat av langsiktig og systematisk arbeid. Helseføretaket arbeider med å utarbeide felles metodikk og verkty som vi kan nytte i dette arbeidet. Handlingsplan for reduksjon av sjukefråvær har ein samla oversikt over alle dei tiltak og metodar som kan nyttast.
Helse Sunnmøre har hatt auka fokus på arbeid med ulike grupper mellom anna gjennom prosjektet Gravid i Helse Sunnmøre – ta magen med på jobb. Prosjektperioden er avslutta. Prosjektet har vore særs vellykka – vi ser no at gravide i helseføretaket i snitt står i arbeid til veke 33 i svangerskapet. Erfaringar frå andre føretak/kommunar viser at vanlegvis er gravide i arbeid i snitt fram til mellom 20-24 veker i svangerskapet.
Andre fokusområde er prosjektet Senior For Framtida. Dette prosjektet omhandlar utarbeiding av livsfasepolitikk som utviklar personalpolitikken til meir skreddarsaum for dei tilsette og aukar nærveret.
Samarbeid med NAV - samt aktiv og bevisst bruk av bedriftshelsetenesta (BHT) i HSM er andre områder. Mellom anna nyttar vi aktivt BHT sin kompetanse på systemnivå til som til dømes: ”Arbeidsmiljø med grøn verdi”.
I arbeidet med God Vakt har helseføretaket auka fokus på kommunikasjon og samarbeid i avdelingane.
Helse Sunnmøre har fokus på mobbing og konflikthandtering og vi har sett inn tiltak som opplæring og informasjon om desse tema.
Det er i hovudsak desse satsingsområda med tilhøyrande tiltak som gjer at sjukefråværet i Helse Sunnmøre har ei sunn og god utvikling.
-Vi er på rett veg då vi har sett ei utvikling over tid, dette er ein god tendens og vi kan glede oss over at arbeidet med arbeidsmiljøet har gitt frukter, sa styreleiar Marthe Styve Holte.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Personaldirektør Olav Finnøy, mobil 90834452
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089