Hopp til hovedinnhold

Helse og samhandling som mulegheit - samhandlingsreforma

Kommunane i Ålesundsregionen ved blant anna ordførarar og rådmenn, brukarorganisasjonar, Helse Sunnmøre med fleire møttest på Storfjordkonferansen i Valldal 1. september. Temaet var helse og samhandling som mulegheit.

Seniorrådgivar Paul Hellansvik frå Helse Midt-Norge haldt innlegg om samhandlingsreforma . Han viste mellom anna til at ei sterkare statsing på førstelinjetenesta er ein internasjonal trend. Fagpersonell blir ein knapp ressurs. Han meinte ein må sjå på utdanningsløpet og oppgåvefordelinga mellom profesjonar. Auke grad av standardisering gir nye mulegheiter. Han reiste også spørsmål om alle sjukehus i framtida kan bestå som i dag.

 

Assisterande direktør i Helse Sunnmøre Helge Ristesund snakka om kva mulegheiter Helse Sunnmøre ser. Ristesund tok utgangspunkt i strategiarbeidet der ei arbeidsgruppe ser særskilt på samhandling med kommunane. Han utfordra kommunane i forhold til spørsmålet om styring. Med så mange aktørar blir det ei felles utfordring å finne fram til ei god styring av prosessane framover. Klikk her for å sjå foilar frå innlegget hans.  

 

"Prosjekt Muriparken - ei helseklynge for heile Sunnmøre" vart presentert av Bjørn Inge Ruset, ordførar i Norddal . Dette er eit samarbeid mellom offentleg og privat sektor med tanke på å byggje opp eit mangfald av tilbod som kan dra gjensidig nytte av kvarandre. Leiar for Muritunet Arne Sandnes prensenterte ulike scenario for Muritunet, og snakka om avtalen dei i desse dager skal inngå med Helse Midt Norge. Møre og Romsdal fylke  ved fagsjef Svein Nerland hadde innlegg om folkehelsearbeid.  Fylkeskommunen har fått nye oppgåver innan folkehelsearbeid og skal mellom anna bistå kommunane og andre med analyse og statistikk. Det vil også bli muleg å søkje på regionale forskningsmidlar m.a. om folkehelse og helsetenestene.  

 

Seminaret vart avslutta med politisk debatt om samhandlingsreformen der politikarane Jenny Klinge  (SP) , Eva Vinje Aurdal  (AP) , Torgeir 
 Dahl  (H)  og Harald Tom Nesvik  (Frp)  deltok.  Alll var samnde om visjonen og retninga, men det var ulike syn på verkemidlar.

 

Det blir  ny samling om samhandlingsreforma 2. oktober i Ålesund i samarbeid med KS, men då med alle kommunane på Sunnmøre.


 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11