Dei nye websidene til Helse Sunnmøre er basert på eit felles nasjonalt rammeverk.
Pressemelding
2. februar 2009
Helse- og omsorgsdepartementet har saman med kommunikasjonsarbeidarar frå lokale og regionale helseføretak utarbeidt det felles rammeverket for nettbasert
kommunikasjon. Det er eit overordna nasjonalt mål at nettenester på internett skal vidareutviklast til å bli ein sentral kanal for innbyggjarane. Digitale tenester skal vere tilgjengelege for alle. Målsetjinga er å få til ein samordna og brukartilpassa kommunikasjon på nett i spesialisthelsetenesta, dette vil medverke til betre kvalitet på vår elektroniske informasjon ut til befolkninga.
Alle helseføretak i landet er forplikta til å utarbeide nye nettsider basert på dette rammeverket. Helse Nord og Helse Midt-Norge er pilotar i innføringsarbeidet.
Rammeverket for nettbasert kommunikasjon som Helse Sunnmøre har lagt opp til bygger på følgjande prioritering av målgrupper:
• Pasientar/pårørande
• Primærhelsetenesta – som tilvisande instans
• Media
I samband med innføringa av det nye rammeverket er det vedteke at helseføretaka i Helse Midt-Norge heretter ska nytte same webverkty. Det vil seie at Helse Sunnmøre har gått over til anna publiseringsverkty.
- Vi er ikkje kome i mål - webarbeid er ein kontinuerleg prosess og nettstaden til Helse Sunnmøre vil bli oppdatert undervegs . Det er om lag 30 webredaktørar som arbeider jamt med sine avdelingsvise sider – desse saman med informasjonskonsulent Carina Giskegjerde utfører ein viktig og god jobb, seier kommunikasjonssjef Solveig Moe Frøland.
For nærmare informasjon:
Kommunikasjonssjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089