Hopp til hovedinnhold

Helse Sunnmøre forskar på sjølvhjelp

Lærings- og meistringssenteret ved Helse Sunnmøre har fått litt over 1 million kroner til to forskingsprosjekt. Det eine prosjektet skal sjå på sjølvhjelp og psykisk helse i eit samfunnsperspektiv medan det andre skal sjå på korleis sjølvhjelp kan fungere for å mobilisere pårørande til rusavhengige. Pengane kjem frå Helsedirektoratet og er knytt både til den nasjonale satsinga på sjølvhjelp og til opptrappingsplanen for rusfeltet.

Sjølvhjelp og psykisk helse i eit samfunnsperspektiv

I første delen  av dette prosjektet, skal forskarane sjå på kva som er særmerkt for sjølvhjelp. Ein legg særlig vekt på kva som er likt og kva som skil sjølvhjelp frå opplæringstiltak for pasientar og pårørande.
 
I den andre delen skal ein lage ein systematisk oversikt av og dels beskrive ”sjølvhjelpsuniverset” i Noreg. Ein vil og peike på korleis ein skal kunne bygge opp og etablere eit ajourførbart register over sjølvhjelpstiltak og sjølvhjelpsressursar i Noreg
 
Med utgangspunkt i kartleggingsdelen vil ein i den tredje delen gjennomføre ei kvantitativ gransking av sterke og svake sider ved sjølvhjelpsaktivitetar. Målsetjinga er både å kunne gje systematisk informasjon og å kunne bidra med konkrete innspel til hjelp for dei som arbeider innan feltet (både lekfolk/organisasjonar og profesjonelle).  Dette vert gjort etter mønster frå ei gransking i Kansas (Wituk et.al., 2005).  Målet er å gjere dette mest mogeleg i tråd med den opphavlege undersøkinga for å kunne samanlikne. 
 
Sjølvhjelp som mobilisering av pårørande til rusavhengige

Prosjektet skal følgje Lærings og Meistringssenteret til Rusbehandling Midt-Norge HF (LMS Rus). LMS Rus arbeider tett saman med brukarorganisasjonar, kommunar og helseføretak og ein meiner at LMS Rus har styrka desse. Arbeid på tvers av kommunegrenser vert sett på som viktig for å spreie sjølvhjelpstanken i fylket og fokus ligg på å legge til rette for sjølvhjelp gjennom å utdanne igangsetjarar og støtte brukarorganisasjonar.
 
Sentrale spørsmål er knytt til korleis samarbeidet med brukarorganisasjonar og andre aktørar fungerer, samt kva fortrinn LMS Rus har for å kunne skape samarbeid på tvers av brukarorganisasjonar, kommunar og helseføretak.
 
Frå begge prosjekta er det planlagt ei rekkje artiklar og rapportar.
 
 
For nærare informasjon kontakt:
Stipendiat og prosjektleiar: Roar Stokken, telefon: 41105035, e-post: roarstokken@mac.com 
Forskar: Johan Barstad, telefon 92037327, e-post: jb@hivolda.no

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11