Hopp til hovedinnhold

Helse Midt-Norges posterpris til Inger Hilde Hagen frå neonatalavdelinga i Ålesund

”Hva er en poster?” var svaret Inger Hilde Hagen sende på epost som oppmoda fleire frå Helse Sunnmøre til å sende posterar til Helse Midt-Norges forskingskonferanse. Ho fann det ut i tide til å stille med den beste posteren på konferansen.

Poster er altså ein plakat for formidling av forskings- eller utviklingsprosjekt, og som oftast blir dei stilt ut på forskingskonferansar eller andre faglege fora. 

Inger Hilde Hagen bygde sin poster på masteroppgåva si ”I en vernet verden – en studie av foreldres opplevelser den første tiden etter en prematur fødsel”.   Ho har intervjua 8 par foreldre til for tidleg fødde born om korleis dei meistra den første tida etter fødselen, og fokusert på skilnader mellom mor og far, og fellestrekk som foreldra hadde.  Ho fann ut at foreldra, sjølv om dei opplevde god informasjon, støtte og oppfølging frå neonatalavdelinga,  har behov for individuell tilrettelegging for å kunne oppleve å meistre tida på neonatalavdelinga på positiv måte.

Helse Sunnmøre gratulerer Inger Hilde Hagen med Helse Midt-Norges posterpris!

Last ned posteren her

 
Inger Hilde Hagen
- Det er kjempe inspirerande og ei stor ære å vinne, fortel Inger Hilde Hagen.

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11