Hopp til hovedinnhold

Fargerik barnekunst på sjukehuset

I dag var det offisiell opning av kunstutstillinga i kulverten mellom hovudbygget til Ålesund sjukehus, kreftavdelinga og Åse hotell. Konstituert avdelingssjef ved kreftavdelinga Gunnar Indrebø er både imponert og rørt over fantastisk flotte kunstverk som no prydar kulverten.

Avdelingssjukepleiar Kjell Brunstad, konstituert avdelingssjef Gunnar Indrebø ogassisterande avdelinssjukepleiar Kristina Folkedal Karlén. Alle tilsette ved kreftavdelinga.
Avdelingssjukepleiar Kjell Brunstad, konstituert avdelingssjef Gunnar Indrebø og assisterande avdelingssjukepleiar Kristina Folkedal Karlén. Alle tilsette ved kreftavdelinga.

 

Initiativet kom frå avdelingssjukepleiar ved kreftavdelinga, Kjell Brunstad.

 

- Det er eit fåtal av dei som har gått gjennom kulverten som ikkje har kommentert at den er frykteleg trist, fortel avdelingssjukepleiar Kjell Brunstad, som derfor kontakta Veslefrikk Barnehage for bistand. Veslefrikk barnehage har tidlegare dekorert vindauga i aktivitetsrommet ved kreftavdelinga. Denne gongen var prosjektet enda større og seks barnehagar har til saman stilt ut 90 bilete i kulverten.

 

- Barna synst det er kjekt å hjelpe til og bety noko for andre, og vi er superglade for at vi vart spurt om å vere med på dette, seier Grete Yndestad Ski frå Veslefrikk Barnehage.

 

- Dette er kjempeflott, og vi blir så glade av barnekunstverka, seier Kristina Folkedal Karlén, assisterande avdelingssjukepleiar ved kreftavdelinga, ho legg til at dette er ei oppfrisking i kulverten som både tilsette og pasientar har lengta etter.

 

I dag, onsdag og torsdag mellom kl. 1700 - 1900 er kulverten open for alle som ønskjer å ta ein titt på kunstverka.

 

Barna frå dei aktuelle barnehagane var godt representerte under opninga i dag.
Barna frå dei aktuelle barnehagane var godt representerte under opninga i dag.
Barnekunst

 

Barnekunst
Barnekunst

Kunstnarane

  • Storhaugen-, Nørvelia-, Ratvikåsen-, Veslefrikk-, Fremmerholen- og Tommeliten Barnehage.

 

  • Barnehagane er ein del av Reggio Emilia nettverket med felles pedagogisk filosofi.

 

  • Kvar barnehage deltok med sitt tema og fargenyanse

 

  • Kunstprosjektet vart styrt av tilsette i barnehagane.