
Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen markerte byggestart for ny barneavdeling ved Ålesund sjukehus.
I samband med markeringa var det og orientering ved adm. direktør Astrid J. Eidsvik, styreleiar i Helse Midt-Norge Kolbjørn Almlid, direktør for samhandling Daniel Haga samt Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen. Adm. direktør i Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim leia arrangementet i auditoriumet.
Styreleiar Kolbjørn Almlid frå Helse Midt-Norge RHF ynskte velkomen. I følgje Almlid symboliserer denne markeringa enno ein stein i Helse Midt-Norge sitt sørge for ansvar. Almlid gav uttrykk for at god økonomistyring er ein føresetnad for å kunne setje i gong slike prosjekt.
Styreleiaren viste til historikk vedkomande prosessen med prosjekt ny barneavdeling i Ålesund:
Prosjektgruppa vart oppnemnt av Helse Sunnmøre i 2002.
Helse Midt-Norge godkjente forprosjektet mars 2009.
Byggestart no i september 2009.
Avdelinga blir finansiert utan låneopptak i ein periode på 3 år (2009-2011).
Dette har vi venta på så lenge
-Dette har vi venta på i to tiår sa ein glad og nøgd administrerande direktør i Helse
 |
| Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen og adm. direktør i Helse Sunnmøre, Astrid J. Eidsvik. |
Sunnmøre, Astrid J. Eidsvik.
Eidsvik nytta høve til å gi ein presentasjon av helseføretaket. Ho viste til eitt av satsingsområda til Helse Sunnmøre - snu verksemda frå å ha høge tal på inneliggande pasientar til ytterlegare dag- og poliklinisk behandling. I følgje Eidsvik legg ein stor vekt på fagleg kvalitet og effektiv drift. -Dette er god pasientbehandling, sa Astrid Eidsvik. Konsekvensen av dette er reduksjon av tal senger. Adm. direktør Gunnar Bovim i Helse Midt-Norge, gav uttrykk for at han er nøgd med den retninga Helse Sunnmøre har klart å dreie verksemda – samtidig som han ynskjer ytterlegare tempo. I følgje Eidsvik er dette eit resultat av gode arbeidsprosessar frå dei tilsette. Ho la vekt på den sunnmørske kampånda. –Vi er eit folkeferd som likar å vere på hogget - og liker å konkurrere avslutta Eidsvik. Markeringa på byggestart av ny barneavdeling er eit resultat av denne kampånda.
Sceneskifte i norsk helsepolitikk
Direktør for samhandling Daniel Haga. orienterte om Helse Midt-Norge sine planar vedkomande samhandlingsreforma. –Vi er i eit sceneskifte i norsk helsepolitikk, hevda Haga. I følgje samhandlingsdirektøren må vi sjå pasientane sine samla behov, og ikkje på delleveransar. Sterkare fokus på førebyggande arbeid står sentralt i den nye reforma. –Vi må intensivere samarbeidet med kommunane, og øve oss på å opptre som likeverdige partar, sa Daniel Haga. Helse Midt-Norge satsar sterkt på samhandling, og dei ønskjer å bli sett til av andre. –Vi må ha ein tydeleg profil på korleis vi arbeider med samhandling, og vi må vi ha felles policy og strategi, sa Haga.
Ein hyggeleg dag i ein helseministers liv
Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen har aldri vore på Ålesund sjukehus tidlegare, men han har følgt prosjektet ny barneavdeling i Ålesund frå fleire områder i sitt politiske liv - heilt sidan 2001. -Dette er ein hyggeleg dag i ein helseministers liv, sa ein smilande minister.
Hanssen nytta og høve til å orientere om samhandlingsreforma. Også Helse- og omsorgsministeren gav uttrykk for at førebyggande behandling og samarbeid mellom nivåa i helsevesenet er viktige faktorar. Han la vekt på dei store omveltingane helse-Norge står overfor i nær framtid – det vere stadig aukande eldre befolkning og auke i livstilsjukdommar.
Etter arrangementet på auditoriumet var det festmarkering med kaker og kaffi, medan Helse- og omsorgsministeren med følgje fekk omvising på barneavdelinga av avd.sjef Ove Økland og adm. direktør Astrid J. Eidsvik.
I tillegg til dei eksterne gjestane var og styret til HSM invitert, samt styringsgruppa for ny barneavdeling, toppleiinga i helseføretaket – avdelingssjefar og direktørar. Seksjonsleiarane ved barneavdelinga var inviterte, samt representantar frå brukarutvalet og tillitsvalte.
Byggestart vart markert ved at statsråden starta gravemaskinen på parkeringsplassen.
Fakta om ny barneavdeling:
Den nye barneavdelinga har ei kostnadsramme på 259,2 millionar kroner, planen er at avdelinga skal vere ferdigstilt 15. februar 2011. Bygget vil få eit bruttoareal på 5357 kvm.
Meir info om prosjektet.
 |
|
|
Adm. direktør i Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim og adm. direktør i Helse Sunnmøre, Astrid J. Eidsvik.
|
|
 |
|
|
Styreleiar i Helse Midt-Norge, Kolbjørn Almlid.
|
|
|

|
|
|
Direktør for samhandling i Helse Midt-Norge, Daniel Haga.
|
|
 |
|
|
Pressa møtte opp, her i samtale med avd.sjef for barneavdelinga, Ove Økland.
|
|
 |
|
|
Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen var på omvising på barneavdelinga. Her i samtale med avd.sjukepleiar Karin Sørland ved Neonatal intensiv seksjon.
|
|
Tekst: Komm.sjef Solveig Moe Frøland
Foto: Inf.konsulent Carina Giskegjerde