Hopp til hovedinnhold

Direktør med fokus på fagutvikling

Adm. direktør Gunnar Bovim vitja Helse Sunnmøre i dag.

Adm. direktør Gunnar Bovim vitja i dag Helse Sunnmøre for første gang som direktør for Helse Midt-Norge. Bovim hadde møte med leiinga i helseføretaket og med dei tillitsvalte. Den nytilsette direktøren fekk og omvising i delar av medisinsk avdeling og anestesiavdelinga i Ålesund.

Som tidlegare adm. direktør ved St. Olavs Hospital kan ein trygt seie det er ein direktør med erfaring frå leiing av helseføretak som vitja Sunnmøre i dag. Den handlekraftige direktøren gav uttrykk for at han ynskjer god dialog med dei lokale helseføretaka, og han påpeika behov for omstilling basert på mellom anna  fagutvikling med satsing på regionale faggrupper.

 
Adm. direktør i Helse Midt-Norge Gunnar Bovim og adm. direktør i Helse Sunnmøre Astrid J. Eidsvik.

Adm. dir i Helse Midt-Norge, Gunnar Bovim og adm. direktør Astrid J.
Eidsvik i Helse Sunnmøre har og samarbeidt tidlegare i HMN sitt direktørnettverk.

 

Tekst/foto:
Solveig Moe Frøland
kommunikasjonssjef HSM

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 17.06.2009 14:26

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11