Helse Sunnmøre er i ein vanskeleg økonomisk situasjon og ser det nødvendig å gjennomføre tiltak for 75,5 mill. kr. I desembermøtet gjorde styret vedtak om tiltak for til saman 56,8 mill. kr. Tiltak for dei resterande 18, 7 mill kr vart behandla på styremøtet i dag. Det mest omfattande tiltaket omhandlar omorganiseringar/omstruktureringar i helseføretaket og då spesielt ved Ålesund sjukehus.
Pressemelding
27. januar 2009
Det er usikkerheit knytt til om alle tiltaka vil la seg gjennomføre med full effekt. Det vert derfor arbeida med tiltak utover dei som er arbeidd inn i budsjettet for å redusere risikoen.
Omorganisering
Leiinga i Helse Sunnmøre har starta arbeidet med omorganisering/strukturelle endringar på ulike nivå. Målet er å få ein organisasjon som støttar opp under god pasientflyt som inneber høg kvalitet på tenestene samstundes som dette også er gode arbeidsmiljøtiltak.
Som eit tiltak vil helseføretaket køyre ulike prosessar for å betre og tilpasse organisasjonen etter faglege utviklingstrendar og gjere organisasjonen på denne måten meir effektiv. Det er og potensiale for å utvikle betre leiarstrukturar/leiarfunksjonar på alle nivå.
I tillegg til denne store omorganiseringa av den overordna strukturen, ser vi også eit behov for å gjere andre tilpassingar organisatorisk. Det er utarbeidt eit framlegg til omrokkeringar av sengepostane på Ålesund sjukehus som vil medføre både kvalitative betre tilhøve for einskilde fagområde samstundes som det også vil medføre mindre kostnadar i form av færre tilsette. Dette framlegget vil få konsekvensar for mange tilsette i organisasjonen, og det er dermed knytt risiko til prosjektet. Det blir no nedsett arbeidsgrupper for å jobbe med ulike problemstillingar for å få til så gode prosessar som mogleg innan knappe tidsrammer.
Styret gjorde følgjande vedtak:
1. Styret vedtek dei avdelingsspesifikke krav og tiltaka i samband med driftsplanen 2009 slik det går fram av saksutgreiinga.
2. Styret sluttar seg til prioriteringane av justert fordeling av aktivitetsauken slik det går fram av saksutgreiinga
3. Styret ber om at det vert utarbeidd ei oppsummert styresak for budsjett 2009
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495