Hopp til hovedinnhold

Brukarundersøkelse blant kreftpasientar

Inntil 200 kreftpasientar i Volda og 200 i Ålesund, vil i løpet av hausten bli spurde om å delta i den store, nasjonale brukarundersøkelsen, PASOP.  Kunnskapssenteret i Oslo sender spørjeskjema til pasientane, og purrar ein gong på dei som ikkje har svart

Dei 400 pasientane blir trekt ut blant dei kreftpasientane som har kontakt med sjukehusa i Ålesund eller Volda mellom 20. september og 10. desember 2009.  Det kan vere pasientar som har vore innlagde, polikliniske pasientar, eller pasientar med dagtilbod.   Pasientane vil få informasjon om undersøkelsen når dei er på sjukehuset.  Spørjeskjema blir ikkje sendt ut til pasientane før tidleg i januar. Berre pasientar som er 16 år eller eldre får tilsendt skjema.

Resultatet frå undersøkinga blir offentleggjort på http://www.frittsykehusvalg.no/Kvalitet/ i løpet av hausten 2010.  Undersøkelsen blir viktig signal til Helse Sunnmøre om kva del av arbeidet som er godt, og kvar ein treng forbetring.  Slike brukarundersøkelsar blir meir pålitelege di høgare svarprosenten er.  Vi vil at flest mogleg av dei pasientane våre som får tilsendt spørjeskjema frå kunnskapssenteret, skal svare og sende svaret inn. Di høgare svarprosent blant våre pasientar, di meir påliteleg blir resultatet vårt, og di betre reiskap får sjukehusa til forbetringsarbeid. 
 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.09.2009 14:28

Bodil Røyset

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11