Hopp til hovedinnhold

Årets sjukepleiar i Møre og Romsdal

Avdelingssjef ved kreftavdelinga i Helse Sunnmøre, Jorunn Bøyum er kåra til årets sjukepleiar av sjukepleiarforbundet i Møre og Romsdal. Prisen vart delt ut under markeringa av den internasjonale sjukepleiardagen på Høgskolen i Ålesund 14.mai.

Prisvinnar Jorunn Bøyum
Årets sjukepleiar i Møre og Romsdal, Jorunn Bøyum.
Bøyum vart nominert av det ho beskriver som ein ung og entusiastisk sjukepleiar på sengeposten ved kreftavdelinga i Helse Sunnmøre. Prisen vil ho dele med alle tilsette i avdelinga. 

Juryen gav følgjande grunngjeving for prisutdelinga:

”Jorunn Bøyum er ein tydeleg, modig, stolt sjukepleiar som syner stor fagleg kunnskap og forståing. Ho har eit ekte engasjement for pasient, pårørande og medarbeidarar. Jorunn Bøyum har vore med å bygd opp kreftavdelinga ved Helse Sunnmøre til å bli eit godt tilbod for kreftpasientar i vårt fylke. Kvalitet, respekt, effektivitet, framtidsretta arbeid og tillit er styrande element i hennar leiarstil. Jorunn Bøyum er ein inspirerande, uredd og dyktig avdelingsleiar med klar sjukepleiaridentitet, noko som bidrar til å utvikle medarbeidarar og dermed sjukepleiartenesta. Ho er eit flott førebilde både som sjukepleiar, leiar og menneske”.

- Det rører meg veldig å bli nominert av eigne tilsette, seier ein beæra og audmjuk prisvinnar. 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11