-
Døgnavdelinga gir tverrfagleg behandlingstilbod til pasientar over 18 år med ulike psykiatriske lidingar.
Psykiatriske sjukepleiarar, sosionom, psykiatriske hjelpepleiarar, aktivitør, ergoterapeut, fysioterapeut, musikkterapeut, psykolog og psykiater er tilsett ved døgnavdelinga.
Opphaldstypar
- Døgnavdelinga gir tilbod om vurderings-/observasjonsopphald når pasient eller diagnose ikkje er kjent frå tidlegare.
- Andre typer opphald kan vere stabiliseringsopphald, medikamentvurdering-/nedtrapping, motivering-/ aktivitetsopphald og rehabiliteringsopphald.
- Utgreiing skjer gjennom samtale, ved deltaking i individuelle- og fellesaktivitetar, og ved bruk av kartleggingsverktøy etter individuell vurdering.
Ulike typar behandling:
- miljøterapi
- samtalar
- ulike former for aktivitetstilbod individuelt og i gruppe
- turar
- tilbod om ECT (elektrosjokk-behandling)
- vurdering av medikament
Dersom behov og ein finn det tenleg kan ein gi hjelp til vurdering av bustad, arbeid,evt. anna aktivitet, økonomi og evt.andre støttetiltak.
Døgnavdelinga legg stor vekt på samarbeid med pasient, pårørande og kommunale instansar i samband med behandlinga.
I einskilde høve gir døgnavdelinga tilbod i etterkant av opphald, i form av heimebesøk eller aktivitetstilbod i institusjonen.
Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadane:
www.helsebiblioteket.no
www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse