-
Kontakt oss
Telefonnummer: 70 05 85 60
Besøksadresse: Kløvertunvegen 1
Postadresse: Helse Sunnmøre HF, Volda sjukehus, Boks 113, 6101 Volda
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Opningstid
Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800 - 1530.
Tilvising
Det skal nyttast ordinær søknad ved tilvising.
Til tilvisingsinformasjon
Lokalisering
Poliklinikken er lokalisert i sjukehusbygninga. Inngangen er på vestsida av bygget, rett inn frå parkeringsplassen. Du finn oss i 2. etasje.
Busstopp
Bussen stoppar like ved hovudinngangen til Volda sjukehus.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.
Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken finn du rett utanfor inngangen. Det er ingen parkeringsavgift.
Betaling
Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntaket gjeld dei med frikort og pasientar under 30 år som treng utgreiing og behandling for rusproblem.
Ved poliklinikken får du med deg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant eller med bankkort kan du gjere det i informasjonen som ligg i hovudvestibylen på sjukehuset.
Eigendelen er per i dag kr 307,-. Utgiftstaket for å få frikort er no kr 1 840,-. Du finn meir informasjon om dette hos NAV.
Til seksjonen