Innkomst i avdelinga
Når du kjem til avdelinga, vil du bli teken imot av ein sjukepleiar eller hjelpepleiar. Du blir vist rommet ditt, og du får tilbod om ei omvisning i avdelinga. Du får vite at der er ein informasjonsperm om avdelinga. Miljøpersonale vil prøve å svare på spørsmål du har.
 |
 |
| Pasientrom Vegsund DPS |
Fellesrom Vegsund DPS |
Du får ein innkomstsamtale med ein behandlar (lege eller psykolog) og ein frå miljøpersonalet ein av dei første dagane.. Ofte skjer dette den første dagen. Her snakkar vi om årsaka til innlegginga, og om mål og planar for opphaldet.
Behandlingstilbodet
Vi har eit samansett behandlingstilbod. Dei ulike faggruppene samarbeider med deg for å oppnå best mogleg resultat for deg.
Alle pasientar får behandlingsansvarleg lege eller psykolog, kontaktsjukepleiar og miljøkontakt. Ditt behandlingstilbod blir utarbeidd i samråd med deg og medlemmene i teamet. Du får tilbod om samtalar med behandlar og miljøpersonale.
Vi har eit program som gjeld for alle pasientar i avdelinga. Dette har vi oppskrive på ein plan for veka. Det er tilbod som vi meiner er nyttige for mange pasientar med ulike tilstandar.
 |
 |
 |
| Behandling i gruppe |
Biljard i hallen. |
Frå terrassen og uteområdet |
Vi tilbyr mellom anna:
- Rørslegruppe
- Avspenningsgruppe
- Turar ut (fjellturar, båtturar, turar i skog og mark med meir)
- Individuelt opplegg for meistring
- Aktivitetsavdeling
- Gruppeterapi
- Humortime
- Undervisning
- Diverse kurs
Dette får du vite meir om når du kjem til avdelinga. Dersom du har andre avtalar, tek du dette opp med kontaktpersonen din på førehand. Vekeplanen kan spesialtilpassast for deg.
Vi ser det som ein føresetnad at du følgjer behandlingsopplegget for å få nytte av opphaldet.
Permisjon
Etter vår erfaring er det nyttig for mange pasientar å dra heim på permisjon. Du vert oppfordra til å dra heim av og til, for å prøve ut korleis det fungerer heime.
Samarbeid med pårørande
Ofte kan det vere eit ønske om å kalle inn nokon av dine næraste til ein felles samtale. Dette kan vere eit ønske frå både deg, dine næraste og oss. Alt skjer i samråd med deg. Det kan til dømes vere nyttig å informere dine næraste om planar etter utskrivinga, eller å få informasjon som er avgjerande for vurdering av diagnose.
Opphaldslengd
Kor lenge du skal vere på Vegsund, er avhengig av målet for opphaldet ditt. Til vanleg er opphaldslengda mellom 2 og 6 veker. Utskrivingsdato får du vite før innlegginga (i svarbrev) eller når du kjem til Vegsund.
Ulike opphaldstypar
Det er viktig at du, dine pårørande og vi som arbeider her, ser likt på kvifor du er innlagd, og kva vi skal gjere under opphaldet.
Vurderingsopphald (3–6 veker) der vi samlar opplysningar om plagene dine og vurderer dei i høve til:
- Diagnose
- Framtidsutsikter/prognose
- Behandlingsval
Behandlingsopphald (2–4 veker):
- Stabilisering: Med dette meiner vi alle tiltak: medikament, samtalar, aktivitetar og liknande som gjer symptom ved til dømes angst, depresjon og psykose lettare.
- Rehabilitering: Med dette meiner vi tiltak og tilrettelegging som gjer at du kan styre økonomien din, at du lettare finn deg til rette i bustaden din, at forholdet ditt til familie, venner og anna sosialt nettverk fungerer, og at du har omsorg for deg sjølv.
- Informasjon og opplæring: Dette tiltaket tek sikte på at du skal bli flinkare til å meistre plagene dine.
- Aktivisering/motivering: Dette skal støtte og motivere deg til å drive fysisk aktivitet, til å vere sosial og kreativ, og til å gjennomføre eit behandlingsopplegg som du i utgangspunktet kanskje ikkje føler for.
Alle opphald har innslag av alt dette, i større eller mindre grad. Men ofte vil ein av desse opphaldstypane dominere.
Kriseseng
I ein avgrensa periode etter utskriving kan det avtalast kriseseng.
Husreglar
|
Husreglar: |
|
Behandlingstid: |
Behandlingstida er mellom kl 0800 og 1600. På vekeplanen finn du tidspunkt for måltid og faste, felles aktivitetar. Dette gjeld for alle. Unntak kan gjerast etter avtale.
|
|
Besøkstid: |
På kvardagar er det besøkstid mellom kl 1600 og 2100, i helgane mellom kl 1200 og 2100. Besøk kan avtalast spesielt utanom desse tidene.
|
|
Utgang og permisjonar:
|
Skjer etter avtale med personalet. Vanlegvis får du ikkje permisjon den første helga under opphaldet. |
| Telefon: |
Viss ikkje anna er avtalt, skal mobiltelefonar vere av i behandlingstida.
|
| Sosialt samvær: |
Føregår i fellesrom.
|
| TV og radio: |
Er ikkje i bruk i behandlingstida.
|
| Røyk og rusmidlar: |
Røyking på tilviste plassar utanfor huset. Bruk eller oppbevaring av alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate. Bagasjen du har med deg, kan bli sjekka. Oppbevarte rusmiddel vert inndregne. Det kan bli teke alkotest, urinprøve eller blodprøve dersom det er mistanke om rusing. Alt i samråd og med løyve frå pasienten.
|
|
|
|
Brot på husreglane kan føre til utskriving.
Utreise
Før utskriving har du ein samtale med behandlingsansvarleg og kontaktsjukepleiar. Fokus blir kva nytte du har hatt av opphaldet, og utfordringar etter utreise. Du får med deg ei oversikt over medisin du har no, oversikt over oppfølging og eventuelt resept på ny medisin som du har starta med i avdelinga. Dersom du ikkje har ein individuell plan, og ønskjer å få det, kan vi hjelpe deg å starte dette arbeidet.
Før utreise kan det vere aktuelt å ha eit samarbeidsmøte mellom deg, oss, det kommunale hjelpeapparatet ditt, og eventuelt andre for å planleggje heimesituasjonen. Saman med deg førebur vi kva saker vi vil ta opp på møtet. Kommunen og andre kan også kome med innspel om kva som er viktig å snakke om. Dette blir teke opp viss du samtykkjer. Dersom du ikkje har oppfølging frå kommunen eller andre aktuelle hjelpeinstansar (f.eks. psykiatrisk poliklinikk), og du synest du treng det, kan vi hjelpe med å formidle kontakt.
Dersom du har behov for det, kan du bruke eit av tilboda som Vegsund DPS har etter utskriving.
Oppfølging etter utreise
Ved senteret oppheld du deg nokre veker, men det er heime du er mesteparten av tida. Etter utskriving kan det vere behov for vidare oppfølging frå Vegsund DPS i kortare eller lengre tid. Det er heller ikkjje alltid det beste tilbodet å vere døgnpasient. For mange kan det i ein periode vere aktuelt å få meir hjelp og støtte i heimesituasjonen. I den samanheng kan vi tilby tenester frå Vegsund DPS, i samarbeid med pasient og førstelinjetenesta.
Tilbod utan innlegging
- Ettervernsgruppe.
- Polikliniske samtalar etter utskriving med for eksempel lege, psykolog, fysioterapeut eller sjukepleiar.
- Ambulante tenester. Oppfølging av pasientar heime etter avtale med førstelinjetenesta. Dette kan vere til dømes samtalar med pasient og familie, rettleiing til hjelpeapparat, deltaking i ansvarsgruppemøte med meir.
- KID-kurs (kurs for deprimerte).
Med ordet oppfølging meiner vi altså den samla hjelpa du får over tid hos ein eller fleire av desse instansane i den tida du bur heime:
|
Ulike instansar: |
Døme på kva hjelp du kan få der: |
| Fastlege |
Vurdering og informasjon om diagnose og behandling, medisinvurdering, reseptar, sjukmelding, legeerklæring, hjelp for kroppslege sjukdomar, blodprøver med meir.
|
| Psykiatrisk heimesjukepleie |
Samtale, støtte, trening av ulik art, koordinator for individuell plan osv.
|
| Psykiatrisk dagsenter |
Aktivitetar, samtalegrupper, turar, sosial omgang med meir.
|
|
Heimesjukepleie |
Tilsyn, medisinutdeling, stell og pleie osv.
|
| Psykiatrisk poliklinikk |
Samtalar hos behandlar, gruppeterapi med meir..
|
| Sosialkontor |
Økonomisk stønad, tildeling av støttekontakt osv. |
| NAV trygd |
Attføring, uføretrygd osv.
|
| NAV arbeid |
Tidlegare arbeidskontor. Arbeidsutprøving, attføring, hjelp til å kome i arbeid eller aktivitet med meir.
|
| Andre instansar |
Rusinstitusjonar, barnevern, familievernkontor, privatpraktiserande psykologar og andre behandlarar osv.
|
|
|
Mange pasientar opplever i periodar forverring av plagene sine. Oppfølging tek sikte på å hjelpe deg også i desse periodane. Ta difor kontakt med dei instansane som følgjer deg opp når du kjenner at det røyner på.
Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:
www.helsebiblioteket.no
www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse