
Alderspsykiatrisk seksjon gir spesialisttenester til personar over 65 år med psykiatriske lidingar, og til dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens.
Seksjonen har poliklinikk og sengepost.
Til alderspsykiatrisk poliklinikk
Til alderspsykiatrisk sengepost
Kontakt oss
Telefon: 70 16 74 00
Adresse: Vaksenpsykiatrisk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Korleis søke til alderspyskiatrisk seksjon?
- Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
- Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
- Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.
Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.
Lokalisering
Alderspsykiatrisk seksjon er lokalisert vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus. Alderspsykiatrisk sengepost held til i 1. etasje og alderspsykiatrisk poliklinikk i 2. etasje.
Kjerneoppgåver
- Observasjon
- Utgreiing
- Behandling
Målgruppe
Menneske med omfattande utfordringar i sin demenssjukdom og/eller omfattande psykiatrisk symptomatologi. Alder er av mindre relevans.
Pasientar med alvorleg psykiatrisk liding med debut etter 65 år.
Pasientar over 65 år med alvorleg psykiatrisk liding, tidlegare sjuk, men ingen fast behandlingskontakt i vaksenpsykiatrien, eller når andre sjukdomar og/eller høg alder gjer alderspsykiatrien tenleg.
Pasientar med uklar demensdiagnose, der alderspsykiatrien rår over ressursar til å utgreie desse.
Du kan lese meir om alderspyskiatrisk seksjon i magasinet Sunn Møring.
For ytterlegare informasjon
Seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.
Teamleiar alderspsykiatrisk poliklinikk Anne Starheim.
Teamleiar alderspsykiatrisk sengepost Jannike Baggetun.
Telefon: 70 16 74 00.