Hopp til hovedinnhold

Alderspsykiatrisk poliklinikk

Illustrasjon - Vaksenpsykiatrisk avdeling

 

Alderspsykiatrisk poliklinikk gir spesialisttenester til personar over 65 år med psykiske lidingar, og til dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon: 70 16 74 00
    Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
    E-post: vaksenpsykiatrisk.avdeling@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

     

    Opningstid

    Poliklinikken er open måndag - fredag kl 0800-1530.

     

    Lokalisering

    Alderspsykiatrisk seksjon ligg vest for dei andre psykiatriske sjukehusseksjonane ved Ålesund sjukehus, inngang B i psykiatribygget. Poliklinikken held til i 2. etasje.

     

    Busstopp

    Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen og bort til poliklinikken tek sirka 10 minutt.

     

    Drosje/pasienttransport

    Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på pasienttransport.no.

     

    Parkering

    Parkeringa som er nærast poliklinikken, finn du rett utanfor bygget. Ver merksam på skilt om parkering og betalingsautomat. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.

     

    Betaling

    Pasientar betaler eigendel for undersøkingar og behandlingar ved poliklinikken. Unntak for dei med frikort. I luka ved poliklinikken kan du betale med bankkort eller få med deg ein giro. Dersom du ønskjer å betale kontant ,kan du gjere det i informasjonen som ligg i hovudvestibylen på sjukehuset.

    Eigendelen er kr 307,-. Eigendelstaket for å få frikort er kr 1 840,-. Du finn meir informasjon om dette hos NAV.

     

    Korleis søkje til alderspyskiatrisk seksjon?

    • Søknad frå fastlege eller tilsynslege i opptaksområdet.
    • Vidare tilvising frå mottaksseksjonen ved vaksenpsykiatrisk avdeling.
    • Søknad frå annan instans innan spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.

    Poliklinikken og sengeposten har felles inntaksmøte ein gong i veka.

     

    For ytterlegare informasjon

    Seksjonsleiar Nils Arne Skagøy.
    Teamleiar alderspsykiatrisk poliklinikk Anne Starheim.
    Telefon: 70 16 74 00.

     

    Til alderspsykiatrisk seksjon

     

Diagnosar

  • Vi handterer lidingar som til dømes:

    • alderspsykiatriske lidingar
    • angstlidingar
    • stemningslidingar
    • psykosar
    • personlegdomsforstyrringar
    • posttraumatiske stresslidingar
    • spiseforstyrringar
    • rusproblem
    • krisereaksjonar
    • tilpassingsforstyrringar
       

    Du kan finne meir generell informasjon om psykiske lidingar her:

    Helsebiblioteket

    Helsedirektoratet

     

Utgreiing og behandling

  • Hovudmål for utgreiing

    Kartleggje ressursar og problemområde, og finne rette omsorgsnivået for pasienten.
    Godt samarbeid med pårørande, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
     

    Hovudmål for behandling

    Lækje, betre og lindre psykiske og fysiske lidingar.
    Avhjelpe sosiale problem.
    Ta omsyn til pasienten sine eksistensielle behov.
      

    Arbeidsmetodar i poliklinikken

    Individuell behandling/terapi.
    Familie-/systemperspektiv ved demensutvikling, avhengig av nærståande personar.
    Behandling ved å følgje opp familie.
    Behandling ved kontakt med omsorgspersonar.
    Rettleiing.
    Poliklinikk i eigne lokale.
    Ambulant verksemd.

     

    Du finn generell informasjon om utgreiing og behandling av psykiske lidingar på desse nettstadene:

    www.helsebiblioteket.no

    www.helsedirektoratet.no/psykiskhelse

     

     


     

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 26.01.2009 08:26 Oppdatert: 11.01.2009 00:01

Annette Furmyr

 

 

 

 


Telefon               

Alderspsykiatrisk poliklinikk

70 16 74 00

  

 

 

Aldring og helse Nasjonalt kompetansesenter