Klinisk undersøking:
Klinisk undersøking er ein vesentlig del av utgreiinga ved mistanke om revmatisk sjukdom. Ved undersøking av ledda ser legen spesifikt etter om det er hevelse, varmeauke, ømheit eller nedsett funksjon i ledda, kort sagt om det er teikn til betennelse eller ikkje.
Saman med sjukehistoria er klinisk undersøking eit viktig reiskap for å stille rett diagnose og kunne gje rett behandling.
Supplerande undersøkingar blir også brukt som hjelpemiddel for å stille diagnose og vurdere behandling:
Blodprøver:
Ulike blodprøver kan være ei rettesnor som kan peike i retning av ulike revmatiske sjukdomar, men ein kan ikkje stille diagnosar utelukkande ved hjelp av blodprøver.
Schirmers test:
Schirmers test er måling av tåreproduksjon ved hjelp av filterpapir på begge auge. Den skjer ved at ein legg eit filterpapir under nedre augelokk på begge auge. Ein skal ikkje bruke augedråpar eller kontaktlinser den dagen ein skal ta Schirmers test. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.
Sialometri:
Sialometri er måling av spyttproduksjon. Den er smertefri og tek 15 minutt. Ein skal ikkje ete, drikke eller ha noko i munnen den siste timen før undersøkinga. Elles er det ingen førebuingar. Undersøkinga blir brukt ved utgreiing i forhold til Sjøgren syndrom.
Bildediagnostikk:
Nokre gonger kan bildediagnostikk vere viktig i utgreiing og oppfølging.
- Ultralyd
Ultralyd blir gjort av legar på revmatologisk avdeling. Det viser kroppens blautdelar, ein kan til dømes sjå om der er pågåande leddhinnebetennelse (synovitt) i eit ledd, og ein kan sjå nøyaktig kvar betennelsen sit, og graden av inflammasjon (betennelse). Ultralyd blir også brukt som hjelpemiddel når legen skal setje sprøyte i eit ledd.
Andre gonger er det nødvendig å henvise pasienten til andre avdelingar for bildediagnostikk, til dømes røntgen, isotop eller MR-undersøking.
- Røntgen:
Røntgen er den beste undersøkinga av beinvev/skjelettviser og kan vise varige forandringar i beinvevet. Ein kan ikkje sjå blautdelane rundt ledda på røntgen. Enkelte gonger må ein ta røntgen av anna enn ledd, til dømes lunger.
CT er ei meir detaljert røntgenundersøking.
- MR:
MR-maskina består av ein kraftig magnet, ein radiosender, ein radiomottakar (antenne) og ei datamaskin. MR kan gje informasjon om aktiv inflammasjon (betennelse) i ledd eller blautdelar som senefester, slimposar og muskulatur.
Les meir om MR
- Scintigrafi:
Skjelettscintigrafi viser ei oversikt over heile skjelettet.Ved skjelettscintigrafi blir det brukt eit radioaktivt merka kjemisk stoff som inneheld fosfat. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp av beina i kroppen. Ekstra store konsentrasjonar av desse isotopane vil ein ha i beinområde med auka blodtilførsel og høg aktivitet i samband med nedbryting og oppbygging av bein. Dette vil vere område der det føreligg ein sjukdom eller ein skade. Skjelettscintigrafi kan bli brukt til å finna inflammasjon (betennelse) i skjellettet eller til å utelukke vondarta sjukdom.
Fysioterapi:
Fysioterapi inngår i den totale vurdering og behandling av pasientar med revmatiske sjukdommar. Fysioterapivurdering vil difor som regel enten skje ved revmatologisk poliklinikk eller under innlegging i revmatologisk avdeling.
Revmatiske sjukdommar kan føre til smerte og funksjonsproblem i rørsleapparatet og både undersøkinga og den fysikalske behandlinga har som mål å kartlegge dette, og likeins foreslå tiltak som skal verke positivt inn på funksjonsevne og livskvalitet.
Ergoterapi:
Ergoterapi inngår som ein del av det tverrfaglege tilbodet ved revmatologisk avdeling, både på sengepost og i poliklinikk. Ergoterapifaget har hovudfokus på aktivitet og ser på samanhengen mellom helse, aktivitet og miljø. Dersom den revmatiske sjukdommen medfører vanskar med å utføre daglege aktivitetar, anten det er heime, i arbeid, på skule eller i fritidssammanheng, bør vedkomande henvisast til ergoterapeut. Målet er at pasienten skal behalde livskvalitet og vere mest mulig sjølvhjelpen i daglege aktivitetar som den enkelte synest er viktige.
Ergoterapeuten bidrar med kartlegging og vurdering av funksjon, arbeid-/heimesituasjon og buforhold. Det blir gitt hjelp til søknad på tekniske hjelpemiddel og tilpassing av handskinner/ortoser.