Ortopedisk utgreiing
Ortopedi handlar om skadar og sjukdomar i bein og muskulatur og bahandling av desse. Ortopediske sjukdomar kan vere betennelsar, svulstar og slitasje (artrose). Ortopediske diagnosar er beinbrot og skadar i leddband, musklar og sener. Ortopedkirurgar er spesialistar innanfor sjukdom og skadar i skjelett og musklatur.
Ortopediske undersøkingar
Utgreiing av sjukdom/skade i muskelar og skjelett starar gjerne ved ortopedisk poliklinikk. Der startar ortopedkirurgen med å kartlegge sjukehistorie, utfører kroppsundersøking og røntgendiagnostikk evt også laboatorieundersøking.
Sjukehistorien til pasiente får ortopedkirurgen gjennom ein grundig samtale. Der blir aktuelle plagar og symptom som smerter, stivheit og nedsett funksjon klartlagde for å kunne stille diagnose.
Pasienten blir gjerne spurt om når smertene starta, korleis dei er og har utvikla seg, kva som lindarer smertene, om medisinar er prøvde, og i det heile korleis pasienten fungerer i daglegliv og arbeid.
Undersøking av kroppen utfører ortopedkirurgen i det området sjukdomen/skaden er. Han beveger området, tester ulike røyrsler, prøver ut kva som gir smerter, og om den sit i beinet, sena, muskelen eller leddbanda. Samtidig blir også krafta i det aktuelle området testa.
Laboratorieundersøking med blodprøver blir som regel ikkje brukt til utgeriing av sjukdomar i muskel/skjelett, men er viktig ved mistanke om visse typar betennelse.
Undersøkingar med bilete blir nesten alltid brukt for å stille ein ortopedisk dianose. Røntgen blir i dei fleste tilfelle brukt. Elles bruker ein ultralyd, CT, MR, og scintigrafi. For undersøkingar i ledd er det vanleg å bruke artroscopi, der ein fører inn eit tynt skop og ser om der er skade eller sjukdom. Artrosocpi brukar ein også ved enklare inngrep, f. eks. fjerning av menisk i kneet.
Teksten er omskrive og henta frå www.pasienthandboka.no. Her kan du lese meir generell informasjon om ortopediske undersøkingar.