Hopp til hovedinnhold

Dagkirurgi - Ålesund

Illustrasjon - Operasjonsavdelinga

 

Dagkirurgisk avdeling har eiga overvakingseining i 1.etg. der pasientar held til, før og etter behandling. Behandlingane går føre seg på to operasjonsstover i 2.etg. 

 

Nyttig informasjon


  • OPNINGSTID DAGKIRURGEN; KL.0745-1545

     

    OPPMØTE
    Inngang på nordsida av Ålesund sjukehus. Eige venterom forbi kafèen og inn ei grå dør på venstre side.

     

    AVBUD
    Er du forhindra frå å møte til operasjonen på grunn av sjukdom eller anna, ber vi deg om å ta kontakt så fort som mogleg på telefon 70105238 eller 70105237.  Er du i tvil om du vil bli operert eller har andre spørsmål, så ta kontakt.
    Ikkje avbestilt time belastast med kr.306,-.

     

    EIGENANDEL
    Ta med frikort om du har. Du får med ein giro for betaling av medisiner, bandasjemateriell, krykker eller anna som du får med heim. 

     

    SPØRSMÅL
    Har du spørsmål ta kontakt med oss på tlf. 70105238.
    Kontortid 1000-1130 og 1230-1430.

     

    PÅRØRANDE
    kan operasjonsdagen ta kontakt på tlf. 70105237.

     

    FØR OPERASJONEN

    FASTE
    Inneber at du ikkje skal ete, drikke, røykje, bruke snus, drops eller tyggegummi frå midnatt dagen før operasjonen. Du kan pusse tenner og skylle munnen om morgonen. Har du fått beskjed om å faste, men ikkje har fulgt retningslinene, kan du bli sendt heim utan å bli behandla.

     

     

    HYGIENE
    For å førebygge infeksjon møter du nydusja. Ved operasjonar i mageregionen må navlen reingjerast. Er operasjonen i handa eller foten må negler klippast og reingjerast.

    Legg igjen ringer, smykker, piercing og verdisaker heime. Det er viktig at du ikkje har på ringer, piercing og smykker på grunn av hygiene, og fare ved bruk av teknisk utstyr under operasjonen. Sminke og neglelakk skal fjernast før operasjonen.

     

     

    VENTING
    Det kan bli venting. Ta gjerne med lesestoff, musikk på øyret, m.m.

     

     

    MEDISIN
    Nesten alle faste medisiner kan du ta, med litt vatn, om morgonen før operasjonen. Viktig å ta medisin som Betablokkere for høgt blodtrykk og medisin for sure oppstøt, spiserørsbrokk.

    UNNTAK;

    HØGT BLODTRYKK: Ikkje ta ACE-hemmere eller Angiotensin 2-hemmere før operasjonen om du skal faste. Er du i tvil om kva type medisin du har, ta med medisinen til Dagkirurgen på operasjonsdagen og vi kan samarbeide om kva medisin du bør ta før operasjonen.

    ALBYL E: Skal ikkje takast ei veke før operasjonen.

    MAREVAN: Bruker du Marevan bør du ta kontakt med avdelingssjukepleiar seinast 4 dagar før operasjon, om ikkje anna er avtalt. Vanleg prosedyre er at du skal halde opp 3 dagar før operasjonen med Marevan tabletter. Du skal ta INR-blodprøve, før operasjonen.

    SUKKERSJUKE: Bruker du medisin for sukkersjuke og skal faste, tek du kontakt med avdelingssjukepleiar seinast dagen før operasjonen. Vanleg prosedyre når du skal faste er at du ikkje skal ta medisin på operasjonsdagen. Det er viktig at du kontrollerer blodsukkeret ditt og er det for lavt, kan du drikke litt sterk saft. Er du i tvil om kva du skal gjere, ta kontakt med oss. Får du beskjed om å spise ein lett frukost så tar du medisinen din som vanleg til maten.

    ASTMA: Ta medisinen om morgonen som vanleg. Ta alltid med astmamedisin til sjukehuset, sjølv om du bruker denne medisinen sjeldan eller ved behov.

    SMERTESTILLANDE MEDISIN får du med heim frå oss til dei første dagane. Men du bør ha reseptfri smertestillande medisin heime som til døme paracet, ibux.
     
    Avdelingssjukepleiar
    tlf. 70105464

     

     

    BEDØVING
    NARKOSE
    gir generell bedøving av heile kroppen og sørger for at du søv og er smertefri under operasjonen.
    Etter operasjonen vaknar du raskt, og kan spise og drikke nesten med det same.

    LOKALBEDØVING
    blir gitt til alle uansett operasjon.  Den blir det sett med sprøyte i området der det skal bedøvast. Nokre operasjoner blir berre utført i lokalbedøving.

    Vi brukar også andre former for bedøving som til døme spinal (i ryggen) og andre nerveblokader som berre bedøver handa eller foten som skal opererast. I tillegg kan du få avslappende medisin.

    Kva bedøving du skal ha blir bestemt i samråd med operatør og anestesør.

     

     


     

    ETTER OPERASJONEN

    Du kan reise heim så snart du føler deg i form til det. Du får også tilbod om mat og drikke etter operasjonen. Før heimreise får du snakke med operatør og sjukepleiar som vil informere deg om operasjonen og eventuelle førehandsregler.

     

    TRANSPORT
    Du skal ikkje kjøre bil på operasjonsdagen. Transport til sjukehuset må du sjølv sørge for. Trenger du drosje til sjukehuset må du få rekvisisjon av din fastlege. Skal du ha drosje heim bestiller vi det. Det er eigenandel på drosje.
    Avtal gjerne med nokon som kan kjøre og hente deg om det er mogleg.

     

    VER IKKJE ALEINE
    Du skal ikkje vere aleine operasjonsdagen og den første natta etter operasjonen. Dette er ein føresetnad for dagkirurgisk behandling.

     

    SAMTALE DAGEN ETTER
    Alle er velkomne til å ringe tlf. 70105237 dagen etterpå for eventuelle spørsmål og rådgiving. På operasjonsdagen prøver vi å avtale om du vil vi skal ringe deg dagen etter operasjonen. 

     

     

Diagnosar

Behandlingar

  • Artroskopi av kne

    Kikkehullsoperasjon i kneet som kan vere diagnostisk eller behandlande. Fleire operasjonar kan utførast gjennom kikkehullsinstrumenta. ..

  • Artroskopi av skulder

    Kikkehullsoperasjon av skulder som kan vere diagnostisk eller behandlande. Fleire operasjonar kan gjerast gjennom kikkehullsinstrumentene. ..

  • Fjerning av osteosyntesemateriale

    Fjerning av osteosyntesemateriale etter ortopediske inngrep kan vere ståltråd, pinner, skruer og plater. Nokre operasjoner blir berre utført i lokalbedøving. Då blir det sett lokalbedøving med sprøyte i området der det skal bedøvast, i tillegg kan ein få ..

  • Hallux valgus

    Diagnosen er ein deformitet i forfoten som inneber skjeiv stortå. Det er ulike operasjonsteknikker som blir brukt for å rette feilstillinga. Operasjonen blir som regel utført i lokal anestesi; -ankelblokade.   Meir informasjon om hallux valgus ..

  • Laparoskopisk cholecystektomi

    PASIENTINFORMASJON Fjerning av galleblæra med kikkehullsteknikk Du har fleire gongar hatt magesmerter. På ultralyd er gallesteinar påvist. Legen vurderar smertene slik at dei skyldast gallestein. Bildet viser galleblæra med stein.   Lever lager ..

  • Åreknutar

    PASIENTINFORMASJON Åreknutar (Varicer) er unormalt utvida samleårar (vener) i underhud på beinet. Desse årane skal transportere blod frå leggen tilbake til hjartet. Fleire tynne klaffar i blodårane sørgjer for at blodet strøymar mot hjartet sjølv når ..

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.12.2008 13:49 Oppdatert: 18.11.2010 15:20

Gunn Bente Solevåg