
Målgruppa er pasientar med hjerneslag og hjerneskadar som treng rehabilitering som følgje av skadar i trafikken og liknande, kreft og infeksjonar. Mork Rehabiliteringssenter behandlar flest slagpasientar mellom Bergen og Trondheim.
Totalt sett gjev Mork Rehabiliteringssenter tilbod om rehabilitering til følgjande diagnosegrupper:
- Hjerneslag
- Hjerneskadar
- Omfattande skadar (multitraumer)
- Svulstar/kreft
- Ortopediske sjukdomar og skadar
- Ryggmergskadar (i ein seinare fase)
I tillegg til nemnde diagnosegrupper tilbyr vi også rehabilitering i andre tilfelle som inneber behov for rehabilitering.
Måldag
Avdelingsrådet har møte annakvar veke og har følgjande deltakarar: Leiande fysioterapeut, leiande ergoterapeut, avdelingssjukepleiar, vaktmeister, sosionom, logoped og kokk med leiaransvar. Elles har vi følgjande råd/utval ved rehabiliteringssenteret: kvalitetsråd, samarbeidsutval (SAMU) og personalmøte.
Vi har eiga internundervisning og har innført obligatoriske kompetansehevingsdagar på alle nivå. Dei siste seks åra har alle medarbeidarar hatt medarbeidarsamtalar.
Behandlingseiningar – tilbod
Mork Rehabiliteringssenter gir tilbod til 21 pasientar til ei kvar tid, og tilbyr følgjande typar opphald:
- primær vurdering/rehabilitering
- vurderingsopphald (i ein seinare fase)
- kontrollopphald
- rehabilitering i treningsleilegheit
Teamarbeid
Eit individuelt tilpassa rehabiliteringstilbod krev at pasient og pårørande er ein naturleg del av teamet. Ulike arenaer/metodar for samhandling er:
- Innkomstsamtale
- Vurderingsmøte/målmøte
- Heimebesøk
- Individuell rehabiliteringsplan
- Individuell plan
- Sluttevalueringsmøte. Tverrfagleg sluttrapport vert utarbeidd til alle pasientar
Teambygging
Følgjande yrkesgrupper arbeider ved senteret: Sjukepleiarar, sosionom, lege, legespesialist, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped, vernepleiarar og hjelpepleiar. Nevropsykolog og psykolog vert leigde inn ved behov.

Familie- og pårørande
Arbeid med familie og pårørande er eit satsingsområde for rehabiliteringssenteret, og desse vert rekna som ein ressurs i rehabiliteringa. Dei kan delta i rehabiliteringa og bu ved senteret når dei måtte ønskje det. Vi arrangerer også familie- og pårørandeseminar.
Fasilitetar
- Einerom med eige bad/toalett og tilrettelagde for rehabilitering, telefon
- varmtvassbasseng
- Lyse og trivelege fellesrom
- Treningsleilegheit
- Treningskjøken
- Fagbibliotek – internett
- Flott uteområde til turar, trening og rekreasjon

Hospitering
Tilsette i kommunane og andre får høve til å hospitere ved rehabiliteringssenteret. Vi skreddarsyr opplegg ut frå ønskjer og behov.