Med gastroskopi undersøkjer ein spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen.
Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar i spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen, til dømes betennelse eller sår. Ein kan ta vevsprøver (biopsiar) frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast.
Medisinsk avdeling har utarbeidd brosjyre med pasientinformasjon om gastroskopi. Der finn du meir informasjon om både undersøkinga og kvar på sjukehuset dette blir gjort.
"Til deg som skal til gastroskopi" (brosjyre, pdf-fil, 1Mb).