Hopp til hovedinnhold

Medisinsk intensiv/hjarteovervaking - Ålesund

Illustrasjon - Medisinsk avdeling

 

Denne sengeposten tek imot pasientar med hjartesjukdommar som treng øyeblikkeleg hjelp og andre medisinske pasientar som treng intensiv behandling og overvaking.

Vi har 10 sengeplassar, av dei er fire einerom og to tresengsrom. Vi har også eit behandlingsrom der vi tek imot pasientar som kjem til poliklinisk utgreiing og behandling av hjarterytmeforstyrringar, eller pasientar frå andre avdelingar som skal ta ultralyd av hjarte etc.

Nyttig informasjon

  • Kontakt oss

    Telefon direkte til avdelinga: 70 10 55 13 /70 10 55 15
    Sjukehuset sitt sentralbord: 70 10 50 00 
    Adresse: Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
    E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no

    Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.

     

    Avdelingsleiar: Eli Hammer

    Avdelingssjef: Gro Åsnes

    Overlege: Jørn Åge Longva

     
     

    Lokalisering

    Hjarteovervakinga/medisinsk intensiv held til i 2. etasje i høgblokka, og i same korridor som kirurgisk intensiv. Bruk hovudinngangen på sørsida. Døra frå trappeoppgangen er stengd, bruk ringeklokka som er merka "medisinsk intensiv"

     

    Rutiner

    Frukost:      kl 0830
    Lunsj:         kl 1230
    Middag:      kl 1600
    Kvelds:   ca kl 2000

    Legevisitt: ca kl 0900-1200 og kl 1500-1600.

     

    Pårørande

    • Besøkstider: Vi har ikkje faste besøkstider på sengeposten. Stundom må vi setje grenser for at pasienten skal få nok ro og kvile, men vi er i utgangspunktet fleksible i høve til når og kor lenge dei pårørande kan vere hos pasienten.Avdelinga er stengd for besøkande i tidsrommet mellom 14.00 og 15.30 pga legevisitt og vaktskifterapport.
    • Vi ber om forståing for at vi av og til må be besøkande om å gå ut av rommet, f.eks. under stell, prosedyrer, rapport, legevisitt etc.
    • Opphald i sjukehuset: Dersom pasienten er alvorleg sjuk, vil pårørande ofte ha behov for å vere i nærleiken av avdelinga utover vanleg besøk. Vi strekkjer oss så langt vi kan for å få til dette.
    • Pårørande kan bu på pasienthotellet dersom det er ledig plass. Spør sjukepleiar for informasjon om prisar og bestilling.

     

     

    Informasjon

    Som pasient har du behov for informasjon og rett til å få vite om tilstanden din og den behandlinga du får. Både lege og sjukepleiar vil svare på dei spørsmål du har. Vi kan også gi informasjon til dine aller næraste pårørande.

     

    Personalet

    Sjukepleiarane på posten har anten spesialutdanning i intensivsjukepleie eller særskilt opplæring i å ta hand om kritisk sjuke. I tillegg til legen som er på avdelinga har vi nært samarbeid med anestesilegar og ulike medisinske spesialistar, samt andre yrkesgrupper som fysioterapeut, røntgen- og laboratoriepersonale.

    Vi er også praksisstad for sjukepleiarstudentar og vidareutdanning i intensivsjukepleie.

     

    Verdisaker

    Ålesund Sjukehus tek ikkje ansvar for verdisaker. Vi ber difor om at pasienten ikkje har liggjande mykje pengar, kostbare smykker eller lignande. Vi oppmodar også pårørande om å ikkje leggje att verdisaker i TV-stove eller korridor.

     

    Blomster

    På grunn av allergi og infeksjonsfare vil vi ikkje ha blomster inne på pasientromma, og ber om at de tek omsyn til det.

     

    Mobiltelefon

    Ålesund sjukehus har vedteke at det ikkje er tillate å bruke mobiltelefon inne på intensivavdelingane. I vestibyle, TV-stove og på veranda er det tillate.

     

    Servicetilbod

    I enden av korridoren ved verandaen er det ei opphalds-stove. Midt i avdelinga ved glas-skiljedøra finn de dispensar for vatn, kaffi og te som de kan forsyne dykk av. 

    Personalkantina er tilgjengeleg for pårørande i desse tidsromma:

    Kvardagar:                 kl 0800 - 1100 og 1300 - 1530
    Helg:                        Stengd

     

    Åpningstider for kiosk/kafeteria i vestibylen:

    Kvardagar:                kl. 0900 - 1930
    Laurdag og søndag:   kl. 1000 - 1800

     

    Åpningstider for sjukehusapoteket:

    Kvardagar:                 kl. 0900 - 1600
    Laurdagar:                 kl. 0900 - 1300

     

    Sjukehuspresten

    Dersom du vil ha kontakt med sjukehuspresten hjelper vi deg gjerne med det.

     

    Brosjyre

    Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.

    Brosjyre om medisinsk intensiv/hjarteovervakinga.

     

     

     

Diagnosar

  • Du kan skaffe deg generell informasjon om akuttmedisinske sjukdommar på desse nettstadane:

     

    Pasienthåndboka

    I pasienthandboka.no kan du skaffe generell kunnskap om sjukdom, symptom og behandling. Pasienthåndboka er ei publikumsutgåve av Norsk Elektronisk legehåndbok (NEL), og er Norges største helsenettstad. Den inneheld over 3500 artiklar og over 1000 illustrasjonar/bilete/videoar. 

    Eit fagnettverk på ca 200 personar og ein redaksjonskomite kvalitetssikrar innholdet både i NEL og i Pasienthåndboka.

    www.pasienthandboka.no

     

    SMIL - Skandinavisk Medisinsk Informasjon for Legfolk

    SMIL er ein nettportal som inneheld ei samling kvalitetssikra nettstader med informasjon om sjukdommar og korleis dei vert behandla. Portalen er eit nordisk samarbeidsprosjekt og alle nettsidene er tilgjenglege på norsk, svensk eller dansk.

    SMIL er til for pasientar, pårørande og ein interessert allmennhet.

    www.smil.uio.no

     

    www.rarelink.no

    www.rarelink.no  er ein nordisk nettstad som inneheld ei samling av lenker til informasjonsmateriell om sjeldne tilstander som har blitt publisert av verksemder på statlig oppdrag i Norge, Sverige og Danmark. Du kan òg finne lenker til funksjonshemmedes organisasjonar i dei tre landa.

    Rarelink henvender seg til alle som søkjer informasjon, for eksempel personar med ei sjeldan diagnose, pårørande og fagpersonar som møter eller arbeider med personar med sjeldne tilstander.

    www.rarelink.no

     

    Helsebiblioteket.no

    Nettstaden gir tilgang til oppdatert fagkunnskap for norsk helsepersonell og er redaksjonelt uavhengig. Helsebiblioteket.no  blir drifta av Nasjonalt senter for helsetjenesten, og finansiert av Helsedirektoratet og dei regionale helseforetaka.

    www.helsebiblioteket.no

     

    Nettsøk på diagnosar

    Finnkode er eit elektronisk søkeverkty over den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdommar og beslekta helseproblem som kallast ICD-10.

    Søkeverktyet er utvikla av kompetansesenter for IT i helse- og sosialsektoren på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet. ICD-10 er eit klassifikasjons- og diagnosesystem som er gitt ut av Verdens helseorganisasjon.

    http://finnkode.kith.no

     

Undersøkingar

  •  

     

     

     

     

Behandlingar

  • Vi har ulike maskiner for pasientar som treng pustehjelp: CPAP, BiPAP og respiratorar av ymse fabrikat.

    Vi har også Coolgard maskin for pasientar som skal kjølast ned etter hjertestans. Elles vil det vere ein del utstyr og apparat rundt pasienten som til dømes infusjons- og sprøytepumper.

     

    I tillegg utfører vi spesielle behandlingar som:

     

    Elektrokonvertering

    Pasientar som har atrieflimmer kan etter tilvising frå primærlege få time hos oss for elektrokonvertering.

     

    Innlegging av pacemaker

    Nokre pasientar treng ein pacemaker for å stimulere hjartet. Temporær pacemaker som pasienten treng berre for nokre dagar blir lagt inn ved røntgengjennomlysning, medan permanent pacemaker blir operert inn på operasjonsstova.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13

 


 

 

 


Telefon               

Medisinsk intensiv/
hjarteovervaking

70 10 55 13/70 10 55 15