
Hjarteseksjonen, eller kardiologisk seksjon, er den største spesialiteten på avdelinga. Vi har både poliklinikk og sengepost. Sengeposten er samlokalisert med seksjonane for blodsjukdommar og stoffskifte/diabetes.
Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar ved sjukehuset.
Til medisinsk poliklinikk for hjartesjukdommar
Til medisinsk sengepost for hjartesjukdommar
Kontakt oss
Telefon: 70 10 56 40
Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset ved medisinsk poliklinikk, luke 2.
Sengeposten er lokalisert i 2. etasje ved medisinsk sengepost 1 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida. Medisinsk sengepost 1 er ein felles sengepost for pasientar med blodsjukdommar, hjartesjukdommar, diabetes og stoffskiftesjukdommar.
Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset. Den parkeringa som er nærast sengeposten finn du øst for sjukehuset. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 1.