
Seksjonen har ansvaret for utgreiing og behandling av pasientar med infeksjonssjukdommar. Dei fleste pasientane er innlagde med akutt sjukdom.
Personalet ved seksjonen har spesiell kompetanse i å isolere og behandle pasientar med smitteførande og epidemiske sjukdommar.
Seksjonen har poliklinikk og sengepost.
Til medisinsk poliklinikk for infeksjonssjukdommar
Til medisinsk sengepost for infeksjonssjukdommar
Kontakt oss
Telefon: 70 10 57 90
Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre, Ålesund sjukhus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset ved medisinsk poliklinikk, luke 2.
Sengeposten er lokalisert i 4. etasje ved medisinsk post 2 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida. Medisinsk sengepost 2 er ein felles sengepost for nyre-, infeksjons- og fordøyelsessjukdommar.
Parkering
Parkeringa rundt sjukehuset er delt inn i sonar. Det må betalast avgift ved parkering, kr 10,- per time.
Meir om seksjonen
Legane ved seksjonen har rådgivande funksjon overfor dei andre avdelingane ved sjukehuset, Volda sjukehus og primærhelsetenesta.
Innan diagnostikk er det utstrakt samarbeid med dei mikrobiologiske avdelingane i helseforetaket.
Seksjonen sin overlege er koordinator for smittevernarbeidet og bruken av antibiotika ved Ålesund sjukehus. Dette omfattar også arbeid innan kvalitetsikring, til dømes kontinuerleg registrering av talet på sjukehusinfeksjonar.
Seksjonsoverlegen er også ansvarleg for å koordinere arbeidet med oppklaring av sjukehusoppståtte epidemiar. Det skjer i tett samarbeid med sjukehuset sine hygienesjukepleiarar og administrasjonen sin medisinskfaglege rådgivande lege.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 2.