Kontakt oss
Telefon : 70 10 56 40
Telefonautomat: 70 14 87 48
Telefon sentralbord: 70 10 50 00
Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Sengeposten er lokalisert i 2. etasje ved medisinsk sengepost 1 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida.
Medisinsk sengepost 1 er ein felles sengepost for pasientar med blodsjukdommar, hjartesjukdommar, diabetes og stoffskiftesjukdommar.
Busstopp
Bussen stopper like ved Ålesund sjukehus. Gåturen frå holdeplassen tek ca. 7 minutt.
Parkering
Den parkeringa som er nærast sengeposten finn du øst for sjukehuset. Parkeringsavgifta er kr 10,- per time.
Drosje/pasienttransport
Dersom du på grunn av helsa di ikkje kan nytte rutegåande transport til sjukehuset, kan du be om rekvisisjon til pasienttransport hos fastlegen eller behandlaren din. Du finn meir informasjon om dette på nettstaden pasienttransport.
Måltid
Frukost: kl 0830
Middag/lunsj: kl 1230
Kveldsmat/middag: kl 1600
Suppe/kveldsmat: kl 1930
Vekemeny finn du på oppslagstavla utanfor vaktrommet.
Previsitt
Kl 0900 – 0930. Lege og sjukepleiar går gjennom kvar enkelt pasient sin sjukdom og behandling før vi startar på sjølve visitten.
Visitt
Kl 0930 – 1100. Lege og sjukepleiar går til kvar enkelt pasient og informerar om behandling og undersøkingar. Det er fint om du har spørsmåla klare.
Helgevisitt
I helgane er det berre legevisitt til nye pasientar og til pasientar med akutte problem.
Undersøkingar
Du vil få beskjed om prøver og undersøkingar dagen før dei skal takast. Svara ligg som fregel føre neste dag på legevisitten.
Utskriving
Utskriving vil som hovudregel skje frå kl 1300 - 1500. Legen går gjennom diagnosen og behandlinga som er gjeven, og kva som skal gjerast vidare. Du får skriftleg informasjon i tillegg til den munnlege, og samtidig dei nødvendige reseptar, sjukemelding osv. Denne utskrivingssamtala kjem i tillegg til legevisitten.
Besøkstider
Kvar dag mellom kl 1400 – 1500 og mellom kl 1830 – 1930.
Middagskvile
Mellom kl 1300 – 1400 er det kviletid for pasientane. Vi ønskjer derfor at pårørande ikkje kjem på besøk eller ringer i dette tidsrommet.
Landsforeninga for Hjarte- og Lungesjuke (LHL)
Likemenn frå Landsforeninga for Hjarte-og Lungesjuke kjem kvar onsdag kl 1530-1730 til avdelinga. Her kan pasientar dele erfaringar, stille spørsmål og snakke om situasjonen sin.
TV
Daglegstove med TV finn du i enden av korridoren. Der er også ein TV-krok i motsett ende av avdelinga.
Røyking
Sjukehuset er røykfritt. All røyking må skje utandørs. Det er ikkje tillate å røyke på verandaen.
Pasienttelefon
Kvar seng har eigen telefon som kan nyttast med telekort som kan kjøpast i kiosken i hovudvestibyla.
Pårørande
Den som er oppført som næraste pårørande vil få informasjon av sjukepleiar eller lege dersom dei ønskjer det, og det er nødvendig. Ønskjer du at andre skal ha, eller ikkje ha informasjon, må du gje beskjed til personalet om dette.
Verdisaker
Du bør ha minst mogleg verdisaker eller pengar med deg medan du er innlagt på avdelinga. Ved utreise er du sjølv ansvarleg for å få med deg heim klede, pengar eller verdisaker. Gløymde saker vert tekne vare på ein månad i avdelinga.
Kiosk/kafeteria
Held til hovudvestibyla og desse opningstidene:
| Måndag - fredag: |
kl 0900-1930 |
| Laurdag: |
kl 1000-1800 |
|
Søndag: |
kl 1200-1930 |
På nordsida ved poliklinikkane er kafeteriaen open:
|
Måndag - fredag: |
kl 0900-1500 |
Røyking
Sjukehuset er røykfritt. All røyking må skje utandørs. Det er ikkje tillate å røyke på verandaen.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 1.
Vi vonar du får eit helsebringande opphald!
Til medisinsk seksjon for blodsjukdommar