Dette er ein spesialitet for stoffskiftesjukdommar og diabetes. Seksjonen har både poliklinikk og sengepost.
Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar ved sjukehuset.
Til medisinsk poliklinikk for diabetes og stoffskiftesjukdommar
Til medisinsk sengepost for diabetes og stoffskiftesjukdommar
Kontakt oss
Telefon: 70 10 56 40Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 ÅlesundE-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Sengeposten er lokalisert i 2. etasje ved medisinsk post 1 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida. Medisinsk sengepost 1 er ein felles sengepost for pasientar med blodsjukdommar, hjartesjukdommar, diabetes og stoffskiftesjukdommar.Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset ved medisinsk poliklinikk, luke 2.
Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset. Det kostar 10,- per time. Den parkeringa som er nærast sengeposten finn du øst for sjukehuset.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 1.
Tilbakemelding på denne siden
Publisert: 13.11.2008 15:32
Annette Furmyr
Telefon
Medisinsk poliklinikkfor diabetes og stoffskiftesjukdommar70 10 53 83
Medisinsk sengepostfor diabetes ogstoffskiftesjukdommar70 10 56 40