
Dette er ein spesialitet for blodsjukdommar. Seksjonen har både poliklinikk og sengepost.
Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og andre avdelingar ved sjukehuset.
Til medisinsk poliklinikk for blodsjukdommar
Til medisinsk sengepost for blodsjukdommar
Kontakt oss
Telefon: 70 10 56 40
Adresse: Medisinsk avdeling, Helse Sunnmøre HF, Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
E-post: medisinsk.avdeling.alesund@helse-sunnmore.no
Personopplysingar må ikkje sendast via e-post.
Lokalisering
Sengeposten er lokalisert i 2. etasje ved medisinsk sengepost 1 i lågblokka på sjukehuset. Bruk hovudinngangen på sørsida.
Medisinsk sengepost 1 er ein felles sengepost for pasientar med blodsjukdommar, hjartesjukdommar, diabetes og stoffskiftesjukdommar.
Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset ved medisinsk poliklinikk, luke 2.
Parkering
Parkeringa som er nærast poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset. Det kostar kr 10,- per time.
Den parkeringa som er nærast sengeposten finn du øst for sjukehuset.
Brosjyre
Brosjyrane til Helse Sunnmøre er lagt ut i pdf-format.
Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her.
Brosjyre om medisinsk sengepost 1.