
Svangerskapspoliklinikken gir tilbod til gravide som er henvist til spesialist for vurdering og eventuelt vidare oppfølging. Vi gir svangerskapsomsorg til kvinner med komplikasjonar i noverande eller tidlegare svangerskap. Den gravide får oppfølging både av legespesialist og jordmor. Oppfølginga vert tilpassa individuelt med bakgrunn i diagnose og behov. Enkelte er tilknytta svangerskapspoliklinikken gjennom heile graviditeten, medan andre berre har ein eller få konsultasjonar.
Når det er behov får den gravide oppfølging ved Ålesund sjukehus. Det gjeld mellom anna gravide med insulinkrevjande diabetessjukdom.
Friske gravide må gå til fastlege eller jordmor i kommunane.
Les meir om svangerskapspoliklinikken