-
I nokre tilfeller vil det vere behov for ein eller fleire ultralydundersøkingar etter rutineultralyden
Det gjeld ved:
Oppfølging av funn ved rutineultralyd
Det kan til dømes vere å kontrollere kvar morkaka er plassert og/eller vurdere vekst og utvikling hos fosteret. I sjeldne tilfeller kan vi konstatere utviklingsavvik eller vere i tvil om det foreligg, då vert det alltid undersøkt nærmare av ein overlege og eventuelt henvist til Nasjonalt senter for fostermedisin i Trondheim.
Alle fleirlingesvangerskap vert sett opp til fleire ultralydundersøkingar.
Oppfølging ved sjukdom før svangerskapet
Dersom du har diabetes, epilepsi, høgt blodtrykk elller andre sjukdomar før svangerskapet, vil du i svangerskapet verte ekstra oppfulgt, blandt anna med ultralyd.
Oppfølging ved komplikasjonar i svangerskapet
Dersom du i svangerskapet får diabetes, svangerskapsforgiftning eller andre komplikasjonar vil du verte sett opp til ekstra ultralydundersøkingar.
Oppfølging grunna tidlegare svangerskaps-og/eller fødselskomplikasjonar
Det kan vere ved tidlegare utviklings- og/eller vekstavvik.
Vekstmåling
Nokre gongar er det ønskeleg å måle kor stort fosteret er, det kan til dømes vere dersom magen virkar liten i forhald til svangerskapslengda.
Vurdering av fosteret sitt leie
Nokre gongar vil fosteret når det nærmar seg termin ligge på tvers eller i seteleie. For å vere sikker på kva leie fosteret har, kan det vere nødvendig å undersøke det med ultralyd.