Om avdelinga
Kreftavdelinga består av 2 strålemaskinar, sengepost, palliative team og poliklinikkar hhv i Ålesund og Volda. Poliklinikkane har eksistert i fleire tiår, men 24.mars 2004 vart stråleeininga i Ålesund starta. Dette kom på plass etter eit stortingsvedtak.
I tida før stråleeininga starta, måtte pasientar til Trondheim for slik behandling. Det er no kun eit fåtal av pasientar i regionen og fylket som det er naudsynt å sende til Trondheim for behandling.
Høg kompetanse
Årleg har ein rundt 10000 pasientoppmøte ved stråleeininga. Det er ikkje ventetid for behandling. Personalet har høg kompetanse og teknisk har ein moderne og godt materiell. På enkelte område ligg ein fremst i nyvinning av behandlingsmetodar. I behandling av prostata har ein utvikla gode samarbeid med andre avdelingar og sjukehus slik at resultata vert særs gode. Det har vore representantar frå inn- og utland for å læra av det ein gjer i ved Kreftavdelinga. Den høge kompetansen og dei gode resultata gjer at det er få pasientar som ynskjer behandling andre stader. Samstundes ser ein teikn på at og pasientar frå øvrige delar av fylket og landet ynskjer behandling ved Helse Sunnmøre.
Sengeposten har 16 einerom, men det er ytterlegare 8 rom som av ressursomsyn ikkje vert nytta. Totalt var det 750 pasientopphald i sengeposten i 2008. Det har vore ein jamn auke i behovet for sengeposten og ledig sengekapasitet vert sannsynleg naudsynt å nytte i løpet av få år. Det er høg kompetanse i sjukepleiegruppa og mange er spesialsjukepleiarar.
Ved starten av avdelinga var det få legar og vanskeleg å rekruttere nye legar. Denne trenden er snudd. Det er no fulltalig i alle legestillingar og avdelinga har utdanna fleire spesialistar sidan starten. Det er stor søknad til ledige stillingar frå inn- og utland.
Medikamentell behandling vert styrt etter nasjonale retningsliner, men legar og strålepersonell deltek aktivt på nasjonale og internasjonale kongressar og held seg oppdaterte på ny vitskap. Kreftavdelinga i Helse Sunnmøre har moglegheiter til å gi alle typar kreftbehandling og med den aktive haldninga til ny vitskap har ein fleire gonger vore leiande i å ta i bruk nye medikament i Noreg.
I 2006 vart dei palliative teama i Helse Sunnmøre starta. I åra som har gått har ein hatt ein jamn auke i pasientar. Teama har gitt fleire pasientar optimal lindring for plager dei måtte ha, samt vore ein viktig bidragsytar til at fleire kreftpasientar med svært kompleks og alvorleg sjukdom har kunne nytta dagane i heimen. Dei palliative teama iverkset denne våren ulike kurs for kompetanseheving i kommunane for dei momenta som råkar familiar der ein av medlemmane er kreftsjuk.
Eldsjeler og samarbeidspartnarar
Olbjørn Klepp har vore sentral i oppstartsfasen og er det enno. Frå 2006 vart Jorun Bøyum ny avdelingssjef. Det har sidan planlegginga av avdelinga vore eit nært samarbeid med Kreftavdelingen ved St Olavs Hospital. Dette samarbeidet fungerer svært godt, og det er nærast daglege møter og konsultasjonar mellom dei to avdelingane.
Pasientar, pårørande og andre i befolkninga på Sunnmøre har sidan starten vist omsorg for avdelinga. Det har kome mange gåver som avdelinga er særs takksam for. Kunstnarar har gitt mykje flott kunst som pasientar, pårørande og personale nyt godt.
Sidan oppstarten har Odd Fellow vore ein god samarbeidspartnar. Kvar tysdag, onsdag og torsdag har dei vore representerte og kokar kaffi og serverer vaflar til dei som kjem til avdelinga for ulike årsaker. På dagen for 5 årsmarkeringa vil Odd Fellow bidra med litt ekstra til dei som kjem innom for behandling.
Kreftavdelinga i Helse Sunnmøre har etter 5 års drift vorte eit viktig bidrag til Helse Sunnmøre og eit godt behandlingstilbod til alle innbyggjarane i Møre og Romsdal.
For meir informasjon:
Konst. avd.sjef Gunnar Indrebø, mobil 92608387/tlf70140603
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 9220809