Hopp til hovedinnhold

Prostatakreft – kurs for menn med prostatakreft.

Dette er eit kurstilbod for menn med nydiagnostisert prostatakreft i regi av kreftavdelinga.

For kven:
For menn med nydiagnostisert prostatakreft

Kva kan du lære:
Målet med kurset er å fremje sjølvstende og meistring av eige liv gjennom kunnskap og informasjon om egen sjukdom og situasjon samt dele erfaringar med andre.
 
Korleis arbeider vi:
Kurset går over tre dagar der ein vekslar mellom temaførelesningar, brukarerfaringar, film, spørsmål/ svar, erfaringsutveksling og samtale/ dialog.
Vi et lunsj ilag.

Innhald/ tema:
Opplevinga av å få prostatakreft frå ein brukar
Sjukdomsforståing og behandling
Vannlatingsfunksjon og lekkasje
Urinlekkasje og behandling/ trening og fysisk aktivitet
Kva med seksualitet og samliv?
Velferdsrettar for deg som er pasient
Ernæring
Livet etter ei kreftdiagnose – Korleis meistre utfordringer?
Prostatakreftforeninga

Samarbeidspartar:
Prostatakreftforeninga
Kirurgisk avdeling HSM
LMSenteret
 
Tilvising/ påmelding:
For å kunne delta treng du tilvising frå fastlegen din eller behandlande lege i Helse Sunnmøre dersom du er under utgreiing/ behandling.
Tilvisinga vert registrert i ei venteliste og du får nærare invitasjon med meir detaljert informasjon om dato for kurset, program, kurslokale og anna informasjon.

Tilvisinga skal sendast til: Ålesund sjukehus
       Kreftavdelinga
       6026 Ålesund

Kontaktperson:
Ingeborg Kirkhorn telefon 70106912

Praktisk informasjon ved deltaking på kurs/ oppplæring:
Du betaler eigenandel kr. 280,- eller registrerer frikort dersom du har det. Pårørande betaler ikkje eigenandel.
Betaling for mat på kurset kr. 50,- pr. dag pr. person. Det same gjeld for pårørande.
Du får tilsendt ein giro for betaling både for deg og pårørande.

Reise- og opphaldsutgifter:
Opplæring/ kurs i regi av spesialisthelsetenesta er likestilt med behandling/ undersøking.
Når det gjeld godtgjering av reise er hovudregelen at du får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transportmiddel dersom du bur meir enn 3km unna. Dersom du treng ekstraskyss/ drosje, det vil sei ikkje kan nytte offentleg transportmiddel, må du ta kontakt med Pasientreiser Møre og Romsdal på telefon 005515.
 
Du kan få godtgjering til kost dersom du må vere borte ifrå heimen i 12 timar eller meir.
Du kan få godtgjering til overnatting a) når det er naudsynt for å rekke å delta eller kunne delta b) ved kurs/ behandling over to eller fleire dagar og når utgiftene samla sett blir lågare enn om pasienten vel å reise fram og tilbake til bustad/ opphaldsstad mellom kvar kursdag.

Ta kontakt med Pasientreiser Møre og Romsdal på telefon 005515 for avklaring på førehand med omsyn til behov for ekstraskyss, kost og overnatting.
 
Du skal sjølv fylle ut reiserekningsskjema og sende inn  til Pasientreiser. Adressen står på reiserekningsskjemaet, evt.ferdigadressert konvolutt. Legg ved alle kvitteringar for utgifter i samband med reisa.

Sjå  www.pasientreiser.no for meir informasjon.

Timeekspressen og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Ålesund.

Last ned informasjonsbrosjyre omkring kurset.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 06.11.2009 11:48

Christer Andre Jensen