Hopp til hovedinnhold

Stråleeininga

Illustrasjon - Kreftavdelinga

 

Stråleterapieininga opna i mars 2004 som ein del av stråleterapitilbodet i Helse Midt-Norge og landet elles. Vi har to topp moderne behandlingsmaskiner. Behandling vert primært gitt til dei store pasientgruppene med brystkreft og prostatakreft, og alle med behov for lindrande strålebehandling. Legen bestemmer kvar og korleis behandlinga skal verte gitt og følgjer opp pasienten med kontrollar undervegs. Stråleterapeuten har den daglege pasientkontakten og ansvar for planlegging og gjennomføring av behandlinga. Fysikar er ansvarleg for berekning og kvalitetskontroll av stråledosar. I tillegg har vi ingeniørar som sørgjer for at det tekniske utstyret fungerer etter føreskriftene og sekretærar som tek imot deg når du kjem.

Nyttig informasjon

  • Lokalisering:
    Stråleterapieininga finn du i første etasjen på Kreftavdelinga. Kart finn du nedanfor.


    Opningstider:
    Vi har opent på kvardagar 0800-1530.


    Betaling:
    Det kostar ingenting for sjølve strålebehandlinga, men det er 307 kroner i eigenandel når du treff lege i samband med strålebehandling eller simulering. Dette gjeld ikkje dersom du har frikort. Du kan betale med kort eller få med deg ein giro. Om du ønskjer å betale kontant, må du gjere det ved informasjonen ved hovudinngangen på sjukehuset.


    Busstopp og parkering:

    Bussen stoppar like ved sjukehuset, og det tek berre eit par minutt å gå til Kreftavdelinga. Den nærmaste parkeringa er den store hovudparkeringa. 


    Pasienthotell:
    Pasienthotellet ligg vegg i vegg med Kreftavdelinga og kan nyttast av pasientar og pårørande. Meir informasjon om pasienthotellet finn du her: Lenke til pasienthotell


    Pårørande:
    Om du ønskjer kan du ha med deg pårørande under behandlinga. Barn og unge synest ofte det er betryggande å vite kva som skjer under strålebehandlinga. Det er ingen risiko å vere med fordi dei pårørande står utanfor behandlingsrommet når strålinga står på.
    Brosjyre om Barn & ungdom som pårørande


    Kontakt oss:

    Tlf: 7010 6900
    Fax: 7010 6901

    Ålesund sjukehus
    Krefavdelinga
    Stråleeininga
    6026 Ålesund

     

     

Diagnosar


  • • Brystkreft
    • Prostatakreft
    • Lungekreft
    • Hjernesvulst
    • Endetarmskreft
    • Lindrande behandling

    Info finn ein i pasienthandboka

     

     

Undersøkingar

  • Undersøkingar før evt. stråleterapi
    Det vert rutinemessig teke CT, MR og/eller annan billeddiagnostikk for å kartlegge utbreiing av kreftsjukdommen før planlegging og beslutning om behandlingsalternativ.


    Undersøkingar parallelt med stråleterapi

    Som del av oppfølginga under strålebehandlinga vert det rutinemessig teke blodprøver og gjort kliniske undersøkingar.



     

Behandlingar

  • Generelt om strålebehandling

    Ulike stader hjå stråleterapiseksjonen

    Fiksering
    Pasienten si plassering i høve til stråleapparatet må vere lik frå gong til gong slik at behandlingsresultatet vert optimalt. Nokre pasientar får tilpassa særskilt utstyr for dette. Ved bestråling av hovudet og halsregionen vert det laga ei maske for å stabilisere og støtte hovud, hals og overkropp i ønska posisjon. Maska vert laga ved at eit spesielt plastmateriale varmast opp i vassbad og plasserast over hovud/halsregionen. Når plastmaterialet avkjølast stivnar maska og får same form som hovudet, dette tar fem til ti minutt. Maska nyttast kvar gong pasienten skal ha behandling. Ved strålebehandling av bryst vil pasienten liggje med overkroppen og hovudet på eit brett med ulike posisjoneringsmogelegheiter for armane. Elles kan ein også fiksere posisjonen til ulike pasientar med ulike puter.
     
    Doseplanlegging
    Strålebehandling er ei lokal behandlingsform. Målet er å gi så høge doser som mogeleg i eit avgrensa område i pasienten, eit såkalla målvolum. Mange pasientar må ha sin eigen doseplan før behandlingsstart. I doseplanlegging nyttast i dag moderne datateknologi. Ved kvart tilfelle er det behov for ein del opplysningar om den aktuelle pasienten, mellom anna røntgenbilete og bilete frå MR og CT. Målet er å oppnå optimal fordeling av stråledosen med høg dose til svulsten og minimal dose til omkringliggande vev. Ved hjelp av doseplanen kan ein skreddarsy strålebehandlinga til pasienten sin eigen anatomi.
     
    Simulator
    Ein simulator kan etterlikne alle feltinnstillingar på behandlingsapparata. Simulatoren er bygd opp som eit behandlingsapparat, men gir stråling frå eit vanleg røntgenrør. På denne måten kan legen på førehand kontrollere at riktig del av kroppen vert bestrålt. Bileta takast med pasienten fiksert i ”maske” eller i ”kroppsform” dersom dette er aktuelt. I samband med simulering får pasienten teikningar på kroppen. Teikningane er nødvendige for å sikre at pasienten ligg i nøyaktig same posisjon ved kvar strålebehandling og må derfor ikkje vaskast vekk. Ei simulering tar 30 til 60 minutt. I aukande grad nyttar ein såkalla virtuell simulering. I denne typen simulering vil ikkje pasienten vere innom simulator, men vert justert og kontrollert direkte på behandlingsapparatet på grunnlag av CT-bileta nytta til doseplanlegging.

    Behandlingsrommet
    Alle behandlingsapparata vert kontrollerte dagleg, og overvaka for å gi tryggleik. Det heile er tilknytta eit datasystem som også kontrollerer at behandlinga vert gitt som planlagt. Pasienten må ligge åleine i behandlingsrommet etter å ha vorte plassert i riktig behandlingsposisjon, men vert då overvaka av stråleterapeut via tv-skjerm under sjølve strålebehandlinga. Det finst og høgtalarsystem og ringeklokke som kan nyttast om pasienten har behov for det. Sjølve strålebehandlinga tar kun få minutt.

    Info om strålebehandling i Pasienthandboka


     

     

     

    Strålebehandling av hjerne
    All hjernebestråling vert doseplanlagt, og den vert gjennomført med pasienten i maske.
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Pasienthandboka si info om strålebehandling av hjerne

    Hjernemetastaser

    Ved strålebehandling av hjernemetastasar (spreiing til hjernen) er det vanleg å behandle heile hjernen med 5-10 behandlingar.

    Hjernesvulstar
    Ved strålebehandling av hjernesvulstar kan det være aktuelt med alt frå 10 – 30 behandlingar avhengig av type og storleik på svulsten.

    Førebyggande (profylaktisk) hjernebestråling
    Ved god respons på cellegift på enkelte lungekrefttypar gir ein hjernebestråling i førebyggande hensikt.



     

     

    Strålebehandling ved brystkreft
    All strålebehandling etter brystkreftoperasjonar doseplanleggast.
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Pasienthandboka si info om strålebehandling av brystkreft

    Strålebehandling etter brystbevarande kirurgi

    Stråling etter brystbevarande kirurgi er ein del av det totale behandlingsopplegget, og vert vanlegvis gitt med 25 behandlingar mot heile brystet. Enkelte pasientar under 50 år får 8 ekstra behandlingar mot området der svulsten sat.

    Strålebehandling etter fjerning av bryst
    Strålebehandling etter fjerning av bryst nyttast dersom svulsten i det fjerna brystet var stor, eller dersom ein ved operasjonen fann spreiing til ein eller fleire lymfekjertlar.


     

    Strålebehandling ved prostatakreft
    Prostatabestråling vert doseplanlagt. Prostatakjertelen sin plassering vert påvirka av kor mykje urin som er i blæra, og mengda avføring i rectum. For å sikre at desse forholda er så like som mulig under planlegging og behandling er det i nokre tilfelle aktuelt for pasienten å følgje bestemte rutinar.
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Brosjyre om strålebehandling av prostata
    Brosjyre om strålebehandling av bekken og abdomen

    Prostatabestråling med helbredande hensikt

    Kurativ (helbredande)  prostatabestråling er blitt eit viktig alternativ til radikal operasjon. Val av behandling er eit samarbeid mellom urolog og onkolog saman med pasienten. Strålebehandling med helbredande intensjon må verte gitt over 39 behandlingsdagar (nesten åtte veker). Pasienten vil vanlegvis vere i god form under behandlinga som gjennomførast poliklinisk. Strålebehandlinga kombinerast oftast med hormonbehandling for å få best mulig effekt. Vi nyttar moderne teknikk, og ein set som regel inn gullmarkørar i prostata før oppstart av strålebehandling. Dermed kan ein justere strålefelta med millimeterpresisjon kvar dag.

    Mamillebestråling (bestråling av brystkjertlane)
    Mamillebestråling vert gitt ved langvarig bruk av bikalutamid hormonbehandling, dette for å førebygge  plagsam vekst av brystene. Det vert gitt ein enkel stråledose mot kvar brystkjertel.
    Brosjyre om mamillebestråling

    Palliativ (lindrande)  prostatabestråling
    Lindrande prostatabestråling vert gitt til pasientar som tross hormonbehandling har truande lokal vekst i og omkring prostata. Vi legg vekt på å starte behandlinga før svulsten er blitt for stor. Avhengig av situasjon gir ein frå 13 til 39 behandlingar.

    Annen palliativ (lindrande) behandling
    Ved behandling av prostatakreft kan det bli aktuelt med lindrande behandling av spreiining til skjelettet – det vert vanlegvis gitt frå 1-10 behandlingar for dette. Hensikta med denne behandlinga er å redusere smerte og stoppe tumorveksten lokalt.
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Lenke til avsnitt om lindrande behandling



     

    Strålebehandling ved lungekreft

    Strålebehandling med helbredande hensikt
    Strålebehandling med helbredande hensikt kan gjennomførast ved Ålesund sjukehus. Det vert laga ein individuell doseplan, og pasienten får som regel 30-33 behandlingar.

    Palliativ (lindrande) strålebehandling
    Som eit tillegg til cellegiftbehandling vert det iblant gitt 10-15 behandlingar for å sikre lokal kontroll over svulsten. Behandlinga vert som regel doseplanlagt.Ved forsnevring av sentrale luftveger og store kar vert det gitt 2 større stråledosar med ei vekes mellomrom. I samband med denne type behandling må pasienten ta medikament i nokre dagar for å redusere sideeffektar av behandlinga.
    Lenke til avsnitt om lindrande behandling
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Brosjyre om strålebehandling av lunge



     

     

    Strålebehandling ved endetarmskreft
    Dersom pasienten treng strålebehandling i forkant av operasjon, kan denne gjennomførast ved Ålesund sjukehus. Det vert laga ein individuell doseplan, og pasienten får som regel 25 behandlingar.
    Brosjyre om generell strålebehandling
    Brosjyre om strålebehandling av bekken og abdomen






    Generelt om palliativ (lindrande) strålebehandling
    Lindrande strålebehandling kan være aktuelt ved alle kreftdiagnoser. Hensikta med den lindrande behandlinga er å redusere tumorvekst lokalt og dermed oppnå ein reduksjon av plagsame symptom frå sjukdomen. Eksemplar på slike symptom kan vere smerter, bløding, hevelse og obstruksjon (avklemming) av til dømes luftveger og urinleiarar. Talet på behandlingar er avhengig av kva type kreft som vert behandla, pasienten sin allmenntilstand og kvar svulsten er i kroppen. Som regel gir ein 1- 10 behandlingar etter ei enkel simulering.
    Brosjyre om generell strålebehandling

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.12.2008 12:32 Oppdatert:

Christer Andre Jensen