Hopp til hovedinnhold

Kreftpoliklinikken Volda

Illustrasjon - Kreftavdelinga

 

Kreftavdelinga er ei avdeling for behandling av pasientar med ulike kreftsjukdommar i vår region. Kreftpoliklinikken i Volda er frå januar 2004 knytta administrativt til Kreftavdelinga, Helse Sunnmøre, og vil ha eit nært samarbeide med fagmiljøet ved Kreftpoliklinikk og stråleterapi-eninga ved Ålesund sjukehus. På poliklinikken arbeider det sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftsjukepleie.

Nyttig informasjon

  • Lokalisering:
    Poliklinikken finn du i 4 etg ved Volda sjukehus. 

    Poliklinkken har no årleg omlag 1000-1200 konsultasjonar, av desse er ca 800 cellegiftkurar. Desse tala aukar mykje kvart år


    Kontakt oss:
    Tlf: 70058494


    Kreftpoliklinikken held ope kvardagar mellom 0800 og 1530. Vi legg stor vekt på å vere tilgjengelege for pasientar og pårørande. Ta gjerne kontakt med oss.

     

     

Diagnosar

  • • Brystkreft
    • Prostatakreft
    • Lungekreft
    • Hjernesvulst
    • Blod og lymfekreft
    • Mage og tarmkreft
    • Kreft i skoldbruskkjertelen

    For informasjon om de ulike diagnosane visar vi til pasienthandboka

     

Undersøkingar

  • Det tas blodprøver før nesten all behandling som blir gjeven ved poliklinikken. Under nokre cellegiftkurar blir det og gjort kliniske undersøkingar som blodtrykk, puls og temperatur. Vekt og høgde tas før ein startar med cellegiftbehandlinga, samt undervegs i behandlinga. Nokre pasientar må og ta blodprøver mellom behandlingane.

     

Behandlingar

  • Cellegiftbehandling
    Cellegiftbehandling kan gis som kurerande eller lindrande behandling. På poliklinikken gis behandlingar som går over ein eller fleire dagar. Cellegiftbehandling er individuell for kvar pasient og planleggast ut frå diagnose, allmenntilstand og sjukdomens utbreiing. Pasientar som har fått cellegiftbehandling på anna sjukehus, til dømes St. Olavs hospital, kan bli tilvist til poliklinikken for vidare behandling.  

    Brosjyre om cellegiftbehandling frå Kreftforeninga.

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.12.2008 13:33

Christer Andre Jensen