Etter initiativ frå kreftavdelinga ved Helse Sunnmøre er det satt i gong eit prosjekt for å utvikle eit kurstilbod for pårørande til pasientar med kreft.
Dei erfarer at personar som har hatt ein kreftsjukdom over lang tid, ofte fleire år, og får langvarig behandling, lever lenger enn for berre få år sidan på grunn av nye behandlingstilbod. |
Familiane til den som er ramma av sjukdomen opplever å leve i ein sjukdomssituasjon. Ulike behandlingar blir satt i verk og dei vekslar mellom håp om bedring og fortviling om bedringa ikkje kjem slik som forventa. Familiar rammast, ikkje berre pasientane.
Dei meiner at det er behov for eit kurs for familiemedlemmar som står i ein situasjon der ein kan anta at kreftsjukdomen vil bli halden i sjakk eller utvikle seg langsamt, men heile tida vil vere der som ein gradvis trussel mot livet.
Dei tenker å utvikle eit kurstilbud for kreftpasientane sine pårørande. Tilbudet vil vere retta mot både barn, ungdom og vaksne som har mor, far eller partnar som lever med sjukdomen over tid.
Kreftsjukepleiarar vil vere aktuelle for slike oppgåver. Kreftsjukepleiarar har noko kunnskap om temaet på videreutdanningsnivå, samt erfaring innan kreftomsorgen. Likeeins anser dei at helsesøster, i samarbeid med kreftsjukepleiar, kan gi tilbod til barn og unge pårørande, samt til vaksne pårørande.
Kreftforeninga har utdanna veiledere som gir tilbod om veiledning til pasientar og pårørande. Dei vil vere sentrale i å gi veiledning til kreftsjukepleiarar og helsesøstre. |