Hopp til hovedinnhold

Palliativt team Ålesund

Illustrasjon - Kreftavdelinga

 

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, prest, sosionom, legar og sjukepleiarar med vidareutdanning i kreft og palliasjon. Vi gir råd og vegleiing til kreftapsientar der helbredelse ikkje lenger er muleg. Vi ønsker at pasient og pårørande opplever best muleg livskvalitet.

Nyttig informasjon

Diagnosar

  • Det palliative tilbodet er for pasientar som har ein kreftsjukdom dei ikkje vert friske av og som har symptom og plager som er vanskeleg å lindre.

     

Undersøkingar

  • Vi kartlegg symptom ved hjelp av ESAS ( internasjonalt kartleggingsverktøy) og kroppskart. Aktuelle undersøkelser for diagnostisering av plager er for eksempel blodprøver, røntgen og CT. Pasienten får også eit tverrfagleg vurderingstilbod.

     

    Tilvisningsskjema Palliativt Team

    ESAS - skjema

    Kroppskart

     

Behandlingar

  • Vi har kunnskap og erfaring når det gjeld:

    • Smertebehandling og lindring av andre fysiske plager
    • Åndeleg/eksistensiell støtte
    • Støtte til barn og unge som pårørande
    • Vegleiing ved økonomiske spørsmål



    Vi kan tilby

    • Lindrande tiltak som smertebehandling og anna symptomlindring
    • Støttande tiltak i forhold til fysiske, psykiske, åndelege og sosiale behov
    • Tilsyn og konsulentfunksjon til dei ulike sjukehusavdelingane
    • Polikliniske konsultasjoner
    • Heimebesøk sammen med primærhelsetenesta
    • Samarbeid med ulike nivå i helsetenesta for å skape kontinuitet for pasient og pårørande.
    • Innlegging i palliativ seng for eit avgrensa opphald, utgreiing og behandling av konkrete palliative problemstillingar.

     

Kurs

  • Palliativt team skal saman med palliativt team i Volda bygge opp eit nettverk med kontaktsjukepleiarar i kommunane som høyrer til Ålesund og Volda. Desse sjukepepleiarane får kurs x 2/år.


    Tilbod om samtalegruppe for pårørande er under planlegging. Oppstart haust 2009.

    Palliativt team arbeider med prosjektet "Meistring og helse til pårørande til kreftpasientar".

    Info om "Meistring og helse til pårørande til kreftpasientar".

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.11.2008 10:22

Christer Andre Jensen