Hopp til hovedinnhold

Kreftpoliklinikken Ålesund

Illustrasjon - Kreftavdelinga

 

Kreftavdelinga er ei avdeling for behandling av pasientar med ulike kreftsjukdommar i vår region. Poliklinikken har vore i drift i det nye kreftbygget sidan opninga i 2004 og all cellegift behandling i Helse Sunnmøre blir gitt her bortsett frå for gynekologisk kreft. På poliklinikken arbeider det sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftsjukepleie.

Nyttig informasjon

  • Lokalisering:
    Poliklinikken finn du i 1 etasje i kreftbygget, same etasje som hovudinngangen. Der er eit eige laboratorium i tilknyting til poliklinikken for de som skal ta blodprøver. Behandlinga blir gitt i ulike rom kor ein har frå 2 til 8 plasser. Poliklinikken har og eit tilbod om bruk av kjølehette til nokre av pasientgruppene, dette brukast for å redusere håravfall på dei cellegiftkurande der det er aktuelt.


    Opningstider:
    0800-1530


    Kontakt oss:

    Tlf: 70106923
    Faks: 70106960


    Postadresse:
    Helse Sunnmøre
    Kreftavdelinga
    Poliklinikken
    6026 ÅLESUND


     

     

Diagnosar

  • • Brystkreft
    • Prostatakreft
    • Lungekreft
    • Hjernesvulst
    • Blod og lymfekreft
    • Mage og tarmkreft
    • Føflekkreft
    • Kreft i skoldbruskkjertelen

    For informasjon om dei ulike diagnosane visar vi til pasienthandboka

     

Undersøkingar

  • Det tas blodprøver før nesten all behandling som blir gjeven ved poliklinikken. Under nokre cellegiftkurar blir det og gjort kliniske undersøkingar som blodtrykk, puls og temperatur. Vekt og høgde tas før ein startar med cellegiftbehandlinga, samt undervegs i behandlinga. Nokre pasientar må og ta blodprøver mellom behandlingane.

     

Behandlingar

  • Cellegiftbehandling
    Cellegiftbehandling kan gis som kurerande eller lindrande behandling. På poliklinikken gis behandlingar som går over ein eller fleire dagar. Dersom ein har kurar som går over fleire dagar og ein har lang reiseveg, er det moglegheit å få overnatte på pasienthotellet. Cellegiftbehandling er individuell for kvar pasient og planleggast ut frå diagnose, allmenntilstand og sjukdomens utbreiing. Pasientar som har fått cellegiftbehandling på anna sjukehus, til dømes St. Olavs hospital, kan bli tilvist til poliklinikken for vidare behandling. 

    Kreftforeninga si informasjon om cellegiftbehandling

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.12.2008 13:57

Christer Andre Jensen