Hopp til hovedinnhold

Barnemedisinsk sengepost

Illustrasjon - Barneavdelinga

 

Barne- og ungdomsavdelinga er delt i 2 avdelingar, Barn 1 og Barn 2. Vi har til saman  20 sengeplassar og ei rehabiliteringseining. Alle roma er einerom. Her behandlar vi alle medisinske sjukdommar og plager og utfører kirurgi som krev innlegging hos born i alderen frå 3 månader til 18 år.  

Barn 1 er infeksjonsposten med 10 einerom. Born med infeksjonssjukdommar i luftvegane og i mage/tarm er den største pasientgruppa.  

Barn 2 har ti einerom og ei  rehabiliteringseining. Dette er ei infeksjonsfri avdeling. Hit kjem born med mellom anna diabetes, leddgikt, hjartesjukdommar, epilepsi og kreft. Born innlagt pga øyre-nase-hals-lidingar og born som må ha kirurgisk og/eller ortopedisk behandling ligg og på Barne- og ungdomsavdelinga men får behandling av legar frå dei respektive avdelingane.

Svært sjuke born med behov for meir intensiv behandling og overvaking, vert innlagde på kirurgisk intensivavdeling. Her vert dei følgde opp av legar frå barneavdinga på lik linje med born som er innlagde på den vanlege sengeposten vår.

Avdelinga tek imot pasientar til planlagde undersøkingar (listepasientar), operasjonar og pasientar med behov for strakshjelp (ø-hjelp). 80-85 % av dei innlagde borna er pasientar som krev strakshjelp.

Barn 1 og Barn 2 ligg i 2. etasje i den nye barne- og ungdomsavdelinga. Telefon til resepsjonen ved Barn 1 og 2: 70 16 76 60

Nyttig informasjon

    • Her finn du praktisk informasjon om barneavdelinga. Vi ønskjer born og føresette velkomne, og vonar opphaldet her på sjukehuset blir best mogleg. Alle på avdelinga ønskjer at du og barnet ditt skal ha det så bra som råd den tida de er her. Viss det er noko du lurer på, må du spørje. 

    Mottak og utskriving

    Listepasientar kjem til avdelinga dagen før eller den dagen dei skal til operasjon eller undersøking. Pasientar som må ha strakshjelp, vert mottekne og innlagde heile døgnet. Når det er mange pasientar i avdelinga, kan det bli litt venting både ved inn- og utskrivinga. Det kan også ta litt tid før de får tildelt rom.

    Avdelinga har berre einerom, men det kan hende at pasientar må byte rom under opphaldet. Når vi har høve til det, avlastar vi foreldra, slik at dei kan få ordna praktiske gjeremål og liknande. Gjer vel og avtal tid om dette på førehand.

    Legen avgjer når barnet er friskt nok til å reise heim. Det vanlege er at barnet vert utskrive etter legevisitten. Ved utreise får de ein utskrivingssamtale med medisinsk lege, epikrise (rapport om sjukdommen og behandlinga til den tilvisande legen) og stadfesting av opphaldet.  Transporten heim kan vere både med drosje, buss eller eigen bil, avhengig av helsetilstanden til barnet og praktiske omsyn.

    Isolasjonstiltak:

    Barn 1 har born som av ulike årsaker må isolerast. Dette treng ikkje tyde at den som vert isolert, er særskilt dårleg. Vi gjer det oftast  for å hindre at infeksjonen skal spreie seg til andre pasientar. Bakteriar og virus har lett for å spreie seg gjennom mellom anna hoste og hudkontakt, såkalla drope- eller kontaktsmitte. For å hindre smittespreiing, treng vi hjelp frå pasientar og pårørande:

    Pasienten:

    • Ver snill og ikkje forlat romet utan løyve frå sjukepleiar eller lege.
    • God handhygiene er viktig. Vask deg på hendene etter toalettbesøk, etter at du har rørt sår, bandasjar eller slangar, før du et, og før du forlet romet.      

     Pårørande:

    Det kan vere nødvendig å avgrense talet på besøkjande. Sjukepleiaren vil orientere om nødvendige forholdsreglar før du går inn på romet.
    • Vask/sprit hendene før du forlet romet.

    Fordi vi har innlagt born med nedsett immunforsvar, skal ikkje pårørande og pasientar som er innlagde på Barn 1 opphalde seg inne på Barn 2.

    Foreldre/overnatting:

    Barn på sjukehus har rett til å ha minst ein av foreldra hos seg under heile opphaldet, og ein av foreldra kan overnatte på romet saman med barnet. Viss det nødvendig at begge foreldra er her, for eksempel ved alvorleg sjukdom eller ved opplæring, vil vi leggje til rette for det.

     

    Pasientromma:

    Alle eineroma har eige bad med dusj. Det er skåp med handduk, vaskeklut osv. på kvart rom. Der er ein sofa, som også blir brukt til seng til føresette. Pårørande må sjølve reie opp og ta av sengeklede.

     

     

    Persienner: Alle roma har persienner som vert styrte  med  ein knapp med pilar på. Hald inne i to sekund, og persienna går opp/ned. Kort trykk opnar eller let att persienna..

    Signal/ringjeklokke: Slik finst på alle pasientrom. Det er ei raud snor som ein dreg i. I nødsfall kan du bruke den raude knappen på veggen!

    Vi set stor pris på at de ryddar romet og tek av sengekleda før de reiser frå       avdelinga.

    Opphaldsrom  Barn 2       

    Leikerom:  Ved bufféen er det også eit leikerom med ulike leiker, der borna kan leike seg under opphaldet.

     

     

    Ungdomsrom : Her er det data med internett  og TV med playstation.

    Møterom; Vi har rom der de kan ha møte og uforstyrra samtalar.

     

    Opphaldsrom Barn 1

    Sidan dette er ein infeksjonspost og pasientane skal vere på romet, kan dei få leiker dit.

    Samtalerom;  Vi har rom der de kan ha møte og uforstyrra samtalar.

     

     

     

    Pasientterminal:

    Alle rom har eigen pasientterminal. Følgjande funksjonar er tilgjengelege:

    TV: Tilgjengelege kanalar: NRK 1, 2 og 3/super, TV2, TVN, Disney Channel, TV2 Filmkanal, TV2 Zebra.

    Radio: Tilgjengelige kanaler er NRK P1, P2, P3, kanal 24 og P4.

    Telefon: Til samtale bruker vi hovudsett med mikrofon. Telefonnummeret ditt vert vist når du vel TLF (5).  Innringing: Telefonen ringjer i 30 sekund, etter det vil innringjaren få melding om at du ikkje er tilgjengeleg. Når du skrur av pasientterminalen, stengjer du for innkomande samtalar. Telefonen er stengd for innkomande samtalar etter kl. 2200.

    Informasjon: Her finn du informasjon om sjukehuset og praktisk informasjon om avdelinga

    Internett: Tilgjenge til fleire nettstader pluss tastatur for å taste inn andre ønske.

     
    Du kan bruke mobiltelefon i avdelinga.


    Besøkstider:
    Foreldre og sysken kan kome på besøk når det passar utanom visittid. Vi må likevel ta omsyn til det sjuke barnet og til dei andre borna på avdelinga. For å hindre smitte, er det viktig at besøkjande er friske. Den ansvarlege legen ved avdelinga kan nekte besøk viss det er medisinske årsaker til det.

    Låsing av bygningen

    Kl. 2000 blir dørene inn til barne- og ungdomsavdelinga, hovudutgangen og gangbrua, låste. Ein må då bruke porttelefonen ved dei ulike inngangane for å kome seg inn i bygningen. Denne fungerer som ein vanleg telefon. Ring nummeret som står oppført for å få kontakt med dei ulike avdelingane.

    Måltid:
    Ein  av foreldra som er hos barnet, får gratis mat. Du kan også kjøpe mat i kantina i 1. etasje eller i kiosken/kaféen i hovudvestibylen.

    Barn 1 er det eit eige kjøken for pårørande der de kan tilberede  eigen mat etter behov. Pårørande skal ha på seg ein blå frakk når dei er ute i avdelinga; dette for å hindre smittespreiing. Hugs å rydde etter deg!

    Personalet vil kome inn på rommet med mat til barn og pårørande når det er måltid og elles når det er behov for det.

     

     

    Også på Barn 2 er det eit eige kjøken for pårørande med nødvendig utstyr til å lage mat sjølv. Også her er det viktig at du ryddar etter deg!

    På Barn 2 er det eit bufférom der pårørande og pasienten kan forsyne seg med brødmat heile døgnet. Her vert det og servert middag og lunsj.


    Tidspunkt for måltida:
    • Frukost  kl. 0800
    • Varm mat til lunsj kl 1200-1230.

    • Middag kl. 1600-1630. Varm mat vert fjerna etter det gjevne tidspunktet.
    • Kvelds  kl. 1900-2000

     

    Andre stader du kan kjøpe mat:
    • Spar matbutikk like ved sjukehuset

    Personalet:
    I avdelinga vil du møte sjukepleiarar, legar, barnepleiarar, hjelpepleiarar, og bioingeniørar.

    Vi organiserer arbeidet vårt som primærsjukepleie, det vil seie at kvar pasient skal ha færrast mogleg personar å forhalde seg til.

    Avdelinga har også tilknytt sosionom, fysioterapeut, førskulelærarar og lærarar. Dei held til i U-etasjen ved barnepoliklinikken.

     

    Sosionom/ familieterapeut,  Inger Kongshaug.

     

    I samtale med sosionomen kan du/ de bl.a.:

     

    • snakke om reaksjonar, tankar og kjensler
    • avklare trygderettar
    • ta opp problem knytte til sjukehusopphaldet eller livssituasjonen generelt
    • få hjelp til formidling av kontakt med andre hjelpeinstansar

     

    Det treng ikkje vere store problem du pratar om med sosionomen. Spørsmål om trygdeytingar eller behov for å snakke med nokon utanfor sjukeromet, er grunnar gode nok til å ta kontakt.

     

    Inger har kontor i underetasjen ved sida av førskulen, skulen og fysioterapeuten.

    Ta kontakt direkte eller meld frå til sjukepleiar/ lege viss du ønskjer ein prat.

     

     

    Legevisitt:


    For dei medisinske pasientane er legevisitten til vanleg mellom klokka 0930 og 1100. Frå klokka 1230 er legane tilbake i avdelinga for å ha utskrivingssamtalar og samtalar med foreldre som ønskjer det. Legane er elles tilgjengelege når det er behov for det.

    Born innlagt med kirurgiske problemstillingar får tilsyn og behandling av legar fra kirurgisk klinikk, desse går visitt til pasientane sine etter behov.

    Viss det ikkje er komplikasjonar etter planlagt operasjon eller anna behandling, får ikkje øyre-nase-hals-pasienter visitt av kirurg utskrivingsdagen.


    Kveldsvisitten for medisinske pasientar startar klokka 1800. På kveldstid går legen gjennom statusen for kvar pasient saman med pasienten sin primærsjukepleiar og ser til dei som har behov for samtale eller undersøking. Har du spørsmål, kan du ta desse opp med primærsjukepleiaren.

     

    Vaktskifte og rapport for personalet:
    Pleiepersonalet er inndelt i tre vaktskift; dag-, kvelds- og nattevakter.
    Vaktskifta er ved følgjande klokkeslett:
    0700-0730
    1430-1500
    2130-2200

     

    Om kvelden og natta er det ein assistentlege og ein overlege på vakt. Om dagen er det fleire legar til stades fordelte på dei ulike seksjonane. Legane sine vaktskifte:
    0800-0900 

    1500- 1530    

    Trygderettar m.m.

    For informasjon om kva rettar ein har ved sjukdom, skade eller funksjonshemming hos barn under 18 år, sjå her. 

     

     

    Fritids- og skuletilbod tilknytte Barn 1 og 2.

    Her er ein liten smakebit på kva du kan gjere medan du er innlagd hos oss:

     

     Førskule

    Sjukehusskolen

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

Diagnosar

Undersøkingar

Behandlingar

  • Vanleg behandling involverer medikamentell behandling, observasjon og utgreiing, tverrfagleg vurdering og rettleiing [fysioterapeut, (spesial-)sjukepleiarar, sosionom, pedagogar, ernæringsfysiolog og legar].

     


    Vi har eit nært samarbeid med nesten alle dei andre avdelingane på sjukehuset (lab, røntgen, intensiv/anestesi/operasjon, medisinsk, kirurgisk, rheumatologisk, ØNH og hudavdeling, BUP/UPA og avdeling for patologi) når det er behov for det.

     


    Vi er primæravdeling for born frå Sunnmøre, Vestnes og Rauma, men har fylkesansvar for born med hjartelidingar og alvorleg sjuke born med behov for intensiv behandling.

     

    For meir detaljert informasjon om behandling av dei ulike sjukdommane, sjå omtale under kvar enkelt diagnose her:

     

     

    Rikshospitalet

     

    Pasienthandboka

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13