Hopp til hovedinnhold

Augepoliklinikk - Ålesund

Illustrasjon - Augeavdelinga

 

Ein poliklinikk er ei avdeling som tek mot pasientar som ikkje skal leggjast inn, men som likevel vert undersøkte og behandla. Ein poliklinikk har faste opningstier

Poliklinikken utfører om lag 1200 konsultasjonar per år. Dei fleste er planlagde, men vi tek også imot dei som treng strakshjelp. Du må vere tilvist frå augespesialist, optikar eller fastlege for å få behandling på poliklinikken.

På poliklinikken arbeider det overlegar, assistentlegar (legar som tek spesialutdanning), sjukepleiarar, hjelpepleiarar, ortoptist og sekretærar.

Nyttig informasjon

  • For å få time ved poliklinikken, må du ha tilvising frå fastlege eller augespesialist. Poliklinikken utfører planlagde konsultasjonar, der nye pasientar vert vurderte og oppfølgde med kontroll når det trengst.

     

    Meld deg alltid i luka (ekspedisjonen) med ein gong du kjem til sjukehuset.

     

     Betaling

     Som pasient må du betale eigendel for undersøkingar og behandling ved poliklinikken. Det er unntak for dei med frikort. I luka kan du betale berre med bankkort Elles kan du få tilsendt giro.

    Dersom du vil betale med kontantar, må du vende deg til informasjonen i 1. etasje.

    Eigendelen er per i dag 280 kr.  For born under 12 er det gratis.

    NB! Det er ikkje alltid ein kan køyre bil etter at ein har vore til undersøking/behandling på augeavdelinga.

     

    Busstopp

     Bussen stoppar like ved Ålesund sjukehus. Det tek ca. fem minutt å gå til og frå.

     

    Parkering

     Parkeringa som er nærast poliklinikken, finn du nord for sjukehuset. Det kostar 10 kroner per time å parkere.

     

Diagnosar

Undersøkingar

Behandlingar

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 16.12.2008 10:03

Carina Giskegjerde