Operasjonsavdelinga på "auge", utfører ca. 1300 kirurgiske inngrep per år.
Dei fleste operasjonar vert gjorde med lokalbedøving, men når det er nødvendig, nyttar vi narkose.
Før operasjonen
Når du skal opererast, har du på førehand fått eit brev om når du skal møte på poliklinikken, kven som skal operere deg, og om du skal ta spesielle omsyn før operasjonen.
Du skal alltid melde deg i luka på ekspedisjonen når du kjem.
Lokalisering
Vi har to operasjonsstover, som ligg i 6. etasje, og er tilknytte poliklinikken. På augeoperasjonsstova er det tre operasjonssjukepleiarar som deler på arbeideidet .
Opningstider
Operasjonsstova er open kvar dag heile veka frå 0800 til 1530. Ho vert også brukt ved akutte tilfelle utanom opningstidene.
Tilbakemelding på denne siden
Publisert: 16.12.2008 10:03
Carina Giskegjerde