
Augeavdelinga greier ut og behandlar dei fleste augelidingar..
I utgangspunktet er avdelinga ein del av tredjelinjetenesta. Det vil seie at vi handterer problem som fastlegen eller privatpraktiserande augelegar ikkje kan ta seg av. Fastlegen er i førstelinjetenesta, den privatpraktiserande augelegen i andrelinjetenesta.
Vi utfører planlagde konsultasjonar der nye pasientar vert vurderte, utgreidde, og behandla medisinsk og kirurgisk. I ettertid vil dei som treng det, bli følgde opp med kontroll.
Du er velkomen til oss