Hopp til hovedinnhold

Brukarutval

Brukarutvalet er oppnemnd av styret for Helse Sunnmøre, og har ei sentral rolle når det gjeld å følgje opp krav i lover og forskrifter om brukarmedverknad i norske sjukehus. Utvalet tar initiativ og tar opp saker som har verdi for pasientar og pårørande.

Sakliste og protokoll frå møte i brukarutvalet er tilgjengleg på vårt ekstranett

Handlingsplan for brukermedverknad

Kva gjer brukarutvalet?

  • Brukarutvalet i Helse Sunnmøre skal:

     

    • Auke brukarkompetansen i planarbeid og drift
    • Uttale seg om helsetilbod og planarbeid slik at brukarkompetansen vert lagt til grunn for tenestene
    • Kome med forslag til råd og utval i føretaket
    • Medverke til gjennomføring av brukarundersøkingar
    • Gje innspel til kvalitetsarbeidet
    • Vere forum for tilbakemeldingar frå organisasjonane, pasientar, pårørande
    • Halde kontakt med regionalt brukarutval
    • Melde saker som kan ha regional verdi
    • Delta i regionale samlingar og nettverk
    • Følje opp arbeidet med tildeling av tilskot til brukarorganisasjonane
    • Medverke til helsepolitisk organisasjonsutvikling og samhandling mellom alle brukarorganisasjonane

     

    Brosjyra til brukarutvalet kan du laste ned her (pdf)

    Dersom du ikkje har Acrobat Reader kan du laste det ned gratis her 

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

Medlemmar

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13


Medverknad

 

Gi melding til brukarutvalet dersom du har positive eller negative opplevingar med Helse Sunnmøre HF.

 

Vi er opptatt av kvalitet og at pasientar og pårørande føler seg ivaretekne og respektert i møte med helsepersonell i Helse Sunnmøre HF

 


Kontaktinformasjon

 

Brukarutvalet Helse Sunnmøre HF
v/ Roar Berg (sekretær)
Volda sjukehus
Postboks 113
6101 Volda

 

Telefon:
700 58 415/700 58 200 

 

E-post:

roar.h.berg@helse-sunnmore.no