Det er stor geografisk spreiing av institusjonane i Helse Sunnmøre. Organisasjonen består av Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Åse hotell og Mork Rehabiliteringssenter.
Føretaket ønskjer å gi eit samordna tilbod til innbyggjarane på Sunnmøre. I 2003 vart derfor enkelte parallelle avdelingar i Volda og Ålesund slegne saman og organiserte med ein felles avdelingssjef, men med pasienttilbod på begge stadene.