Hopp til hovedinnhold
Illustrasjon av verksemda til Helse Sunnmøre

Administrerande direktørs forord

  • 2007 – ÅRET FOR OMSTILLING

    Omstilling er ordet som best kan karakterisere 2007.  Dette året var eit særdeles utfordrande år for Helse Sunnmøre økonomisk.  Med stort underskot i 2006 og eit absolutt krav om balanse for 2007, var fokuset i stor grad dette året retta mot å styre drifta på ein slik måte at pasienttilbodet kunne oppretthaldast samstundes som vi måtte effektivisere drifta ytterlegare.  Året vart nok oppfatta som svært krevjande for dei tilsette i føretaket.  Det er derfor all grunn til å takke alle tilsette for den store innsatsen som vart gjort gjennom året for å halde fokus både på fortsatt god pasientbehandling og god styring på økonomien.  Resultatet ved slutten av året viser at vi lukkast med dette!  Hjarteleg takk for jobben som vart gjort dette året gjennom store og små omstillingar!

     

    Å drive effektivt er god pasientbehandling, og når vi no har gjennomført mange omstillingsprosessar og desse får lagt seg, vil eg tru at også tilsette vil oppleve god og effektiv drift som ei styrking av arbeidsmiljøet.  Som ei oppfølging av dette, starta vi i 2007 prosessen med å betre pasientflyten i føretaket.  Det vart oppretta eit eige prosjekt for å sikre dei nødvendige prosessane omkring dette viktige arbeidet.  God pasientflyt er god kvalitet og gir større tilfredsheit både for pasientar og tilsette. 

     

    Pasientflytprosjektet vårt har desse måla:

    • Betre kvalitet i pasientbehandlinga
    • Reell brukarmedverknad
    • God samhandling – internt og eksternt
    • Klargjere helsepersonellet sine oppgåver og ansvar i alle ledd av behandlingsforløpet

     

    Det blir interessant å følgje prosjektet i det vidare arbeidet framover for å sjå om vi lukkast å nå måla våre.

     

    Som dei siste åra, har vi også i 2007 hatt eit sterkt fokus på psykisk helsevern og opptrappinga av tilboda på Sunnmøre som eit ledd i utbygginga/desentraliseringa av det psykiske helsevernet.  I 2007 var det stor byggeaktivitet for å kunne sluttføre alderspsykiatrisk avdeling på nyåret 2008.  Bygget er bygd i tilslutting til resten av vaksenpsykiatrisk avdeling på Åse og framstår i dag som eit moderne og flott bygg tilpassa dei oppgåvene som skal ivaretakast i bygget.  Med dette bygget har vi fått nye bygg til alle dei nye funksjonane vi har fått overført frå Helse Nordmøre og Romsdal.  Vi framstår dermed med landets flottaste og mest moderne bygningsmasse innan psykiatrisk sjukehusbehandling. 

     

    Takk igjen til det fantastiske personale vi har i Helse Sunnmøre og jobben som vart gjort i 2007!


    Astrid J. Eidsvik
    Adm. direktør  


     

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 08.08.2008 13:15

Adm.dir Astrid J. Eidsvik