Hopp til hovedinnhold

Retningslinjer for mediekontakt

Helse Sunnmøre er ein markant organisasjon i helsevesenet på Sunnmøre med mykje kunnskap om medisin og helse, og om behandling av sjukdom og skade. Vi ønskjer å spele ei meir sentral rolle i arbeidet med å utvikle ny kunnskap i medisinsk og anna helsefagleg forsking.

 

Mediekontakt i samarbeid med kommunikasjonssjefen 

Ifølgje Helse Sunnmøre sin kommunikasjonsstrategi, er informasjon eit leiaransvar. Dette inneber også mediekontakt i samarbeid med kommunikasjonssjefen.

 

Ein tommelfingerregel er at alle spørsmål som har med overordna styring, policy og politikk å gjere, skal behandlast av administrerande direktør. Faglege spørsmål som blir avgjorde i avdelingane, har avdelingssjefen ansvaret for å svare på. Helsefaglege spørsmål bør den svare på som har best innsikt i saka. Avdelingssjefen skal også vurdere behovet for å varsle kommunikasjonssjefen.

 

Helseføretaket sine pasientar har krav på vern, og det vil derfor vere i strid med teieplikta å gi informasjon om pasientar til uvedkomande.

 

Ytringsfridom som privatperson

Tilsette i Helse Sunnmøre har full ytringsfridom som privatpersonar. Tilsette som er deltakarar i den offentlege samfunnsdebatten om Helse Sunnmøre sine ansvarsområde, har sjølve plikt til å presisere overfor meda at dei ytrar seg som privatpersonar.

 

Tillitsvalde - eigne retningslinjer

Medieplanen til Helse Sunnmøre er meint å vere eit internt styringsverkty, og ein plan for å kunne formidle saker til media på ein profesjonell måte. Vi føreset at tillitsvalde følgjer eigne retningslinjer om mediehandtering.

 

Kommunikasjonssjefen kan når som helst på døgnet stå til teneste med råd om korleis ein skal handtere media. Det er også alltid mogleg å be journalistar ta direkte kontakt med kommunikasjonssjefen, som då kan koordinere vidare kontakt med rett person. Sentralbordet kan formidle mobiltelefonnummeret.

 



 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.10.2008 09:13