Forskingsformidling er stadig oppe til diskusjon. Vi legg ut tre interessante artiklar frå Aftenposten om temaet
Frå Aftenposten: Tiden går fra tidsskriftene, Publiser eller dø!, Forskning for alle
I intervju frå mars 2008 (Tiden går fra tidsskriftene), fortel professor Reidar Conradi og forskar Gisle Hannemyr om situasjonen for forskarane: dei må publisere mest mogleg for å kunne gjere karriere. Trass i at forskarane leverer materialet gratis til tidsskrifta er tidsskrifta veldig dyre. Det fører igjen til urimelege kostnader for biblioteka. Forskarane må gi frå seg retten til stoffet sitt til tidsskriftforlaga, og i tillegg tek publiseringsprosessen så lang tid at forskingsresultatet av og til kan vere forelda før det blir kjent.
Professor Petter Gottschalk frå BI tar opp denne tråden att i februar 2009. I kronikken "Publiser eller dø" peikar han igjen på altfor lang tid mellom forskingsresultat og publisering, og at det er urimeleg at tidssskriftsforlaga har så stor makt
I innlegget "Forskning for alle" frå 21. februar 2009, viser forskingsbibliotekar Karianne Hammerstrøm frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta til nokre løysingar. Ho peikar på at Forskingsrådet har vedteke at offentleg støtta forsking skal lagrast i åpne, digitale arkiv. Ho viser og til Open Access tidsskrifta, der forfattarane rett nok må betale ein viss sum for å få publisert stoffet sitt, men som har fagfellevurdering på same måte som dei tradisjonelle tidsskrifta