Hopp til hovedinnhold

Forskings- og utviklingsmidlar frå Helse Sunnmøre: søknadsfrist 1. mars

Dei sentrale forskingsmidlane i Helse Sunnmøre HF kan brukast til økonomisk støtte til forsking, systematisk evaluering, og særskilde utviklingstiltak. Midlane  skal brukast i Helse Sunnmøre eller samarbeidsprosjekt med Helse Sunnmøre. Forskingsutvalet i Helse Sunnmøre står for tildeling av midlane

 

Søknad kan sendast via avdelingssjef til Bodil Røyset i Fagavdelinga .  OBS at følgjande moment skal vere med i søknaden: 

Namn og kort cv til prosjektansvarleg og veiledar
Prosjektplan der følgjande bør vere med:  Føremål, grunngjeving, metode, tidsramme inkludert framdriftsplan.
Kort om relevans for arbeidet i avdelinga
Søknadsbeløp, og eit budsjett der det kjem fram kva omsøkte midlar skal brukast til. 
Søkjer ein om støtte til lønn, må ein legge til 40% av grunnlønna for dekning av arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjonsutgifter
Prisar for varer og tenester skal alltid vere med meirverdiavgift der det er aktuelt.
Finansieringsplan for prosjektet, inkludert utstyr.Ved søknad om delvis dekning, må det gjerast greie for korleis resten av finansieringa er tenkt gjennomført.
Status for eventuelle søknader til REK (regional etisk komite), biobank og søknader til andre relevante instansar.
Plan for publisering av resultat

Meir om krav til søknad finn du her.  Forskingsutvalets retningsliner for tildeling finn du her


Søknadsfristen er 1. mars 2010.  Svar på søknaden kan påreknast i slutten av april. 


 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 04.02.2010 10:06 Oppdatert: 04.02.2010 09:50

Bodil Røyset