Historikk
I 2007 vart det av direktør Astrid Eidsvik oppretta ei gruppe for å arbeide fram standardiserte pasientforløp i Helse Sunnmøre. Dette arbeidet resulterte i Pasientflytprosjektet. Fra januar 2008 var tre personer i 50% stilling kvar i arbeid i prosjektet, og første milepel var å tilegne seg kompetanse innen standardiseringsarbeid. Vidare vart det igangsatt tre pilotprosjekt, eit på medisinsk avdeling i Ålesund (Lungekreftprosjektet), eit på kirurgisk avdeling i Ålesund (Urologiprosjektet, uro pol) og eit i Volda på medisinsk avdeling (Slagpasientprosjektet). I tillegg starta psykiatrisk avdeling sitt prosjekt ”Inntak til mottak”
I dag har pasientflytprosjektet knytt til seg tre personar i til sammen 2,5 stillingar som rettleiar dei ulike prosjekta ute i organisasjonen. Vi har i dag 14 standardiseringsprosjekt som pågår på ulike avdelingar. Nokre av desse er heilt i startfasa, og andre er i ferd med å verte implementert ute i organisasjonen. I tillegg har vi åtte ansatte med tilknytning til dei ulike avdelingane, som er i full gang med sin rettleiarutdanning i regi av det regionale helseføretaket. Tanken er at desse skal fungere som rettleiarar både i pågåande og framtidige forløpsprosjekt.
Kvifor standardiserar vi pasientforløpa?
Samhandling er mykje oppe i media for tida, og standardisering av pasientforløp handlar i stor grad om samhandling. Vi ynskjer at behandlinga som vi yter i spesialisthelsetenesta skal være godt forankra i behandlinga som vert ytt i primærhelsetenesta, og at pasienten fra heimen, via kommune– og spesialisthelsetenesta, skal få ei behandling med optimal fagleg kvalitet og som nyttar ressursane på ein best mogeleg måte.
Standardisering åleine gjev ikkje kvalitet på tenestane vi leverer. Kvalitet inneheld ulike byggjesteinar som kultur, kvalitetssystem, ressurstilgang, kompetanse og standardisering.
For pasienten betyr eit standardisert pasientforløp at behandlinga er forankra i den kjente beste faglege praksis og at vi er i stand til å levere den same gode kvaliteten til kvar enkelt pasient. Forløpet vert mogleg å forutsjå og lettare å kommunisere til andre. Dette er også bra for behandlerane som får god oversikt over heile behandlingsprosessen. Ein unngår unødvendig sløsing av tid og det betrar samarbeidet inne i sjukehuset. Kvaliteten på overleveringane mellom dei ulike ledda vert betre ved at kvar prosess vert designa for å skape verdi til oppfølgande prosessar.
Ein slik måte å organisere arbeidet på verkar kvalitetsfremjande avdi den er kunnskapsbasert og den reduserer faren for avvik og uønska hendingar.
Metodikk
Metodikken vi byggjer på i vårt arbeid med standardisering av behandlingslinjer, er felles for heile helseregion Midt-Norge. Metodikken byggjer på erfaringar frå behandlingslinjer på Sjukehuset Østfold, pasientfokusert redesign fra Ringerike Sjukehus. Lean i helsevesenet, gjennombrotsmetodikk, clinical pathways og møte med pasientar.
Metodikken er satt sammen av dei tre hovedmodulane kartlegging, redesign og implementering. Dei ulike modulane er igjen delt inn i ulike trinn.
Erfaringar
Erfaringar frå pasientflytprosjektet på lungemedisinsk avdeling:
|
Tilbakemeldinger fra personalet ved sengeposten har vært positive. Tidligere har det vært en belastning for både pasienter og ansatte at pasientene har vært innlagt over flere dager der mye av tiden har vært venting på undersøkelse og resultater. Vi har ikke gjennomført pasienttilfredshetsmåling, men tilbakemeldinger fra pasientene gitt underveis har vært kun positive. Pasientene får tidlig god informasjon og kommer raskt i kontakt med ansvarlige overlege. Det er god grunn til å videreføre denne måten å utrede pasientene på selv om det pga begrenset spesialistressurser fortsatt vil innebære at personalet må utvise stor grad av fleksibilitet for å få ”hjulene” til å gå. Vi har håp om at denne situasjonen bedres i fremtiden, og at vi da kan få optimal uttelling av organiseringen
Erik Liaaen Overlege lungemedisinsk seksjon
|
Informasjon ut mot brukarane
Etter kvart som dei ulike prosessane vert implementert ute i avdelingane vert også prosessbeskrivingane, prosedyrane og informasjonsmateriellet lagt ut i EQS (Elektronisk kvalitetssystem). Dette egnar seg også godt for ekstern publisering og vi har som mål å kunne presentere alle våre standardiserte forløp i ei form, og med ein tilgang som alle Helse Sunnmøre sine pasientar kan gjere seg nytte av via internett.
For meir informasjon om pasientflytprosjekta i Helse Sunnmøre
Fagsjef Odd Veddeng tlf 70106807 odd.veddeng@helse-sunnmore.no
Prosjektledar Vidar Hagerup tlf 70106496. vidar.hagerup@helse-sunnmore.no