Helse Sunnmøre HF har motteke klager på kontraktstildelinga for drift av båtambulansetenestene for øyane i Haram og Sande kommunar.
Pressemelding
9. november 2009
I klagene vart det mellom anna argumentert med at helseføretaket hadde gjort så vesentlige endringar i konkurransegrunnlaget at det i realiteten vart nye konkurransar. På bakgrunn av denne argumentasjonen har Helse Sunnmøre vedtatt å avlyse dei pågåande konkurransane. Det vil snarleg bli lyst ut nye konkurransar for desse tenestene.
Avlysingane inneberer at helseføretaket ikkje får på plass nye kontraktar for drift av tenestene frå 01.01.2010. Helse Sunnmøre reknar med å få på plass avtaler om vidare drift med dagens fartøy, og at detaljane rundt ei slik forlenging er klar innan utgangen av november.
Helse Sunnmøre skal ha møte med dei aktuelle kommunane denne veka.
For ytterlegare informasjon:
Innkjøpssjef Hallgeir Hartvigsen , 97113344
Økonomidirektør Arild Eiken, 95139530
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, 92208089