Samhandlingsutvalet har hatt sitt første møte.
Det administrative samhandlingsutvalet er no etablert. Utvalet skal ha eit særskilt ansvar for å sjå til at samhandlingsavtalane mellom kommunane og helseføretaket blir følgd opp.
Følgjande er med i utvalet:
• Marit Botnen, Ulstein kommune, leiar
• Arne Gotteberg, Volda kommune
• Liv Stette, Ålesund kommune
• Håvard Overå, Ålesund kommune
• Janette Osland Steinvik, Ørskog kommune
• Hanne Lillian Søvik, brukarutvalet
• Helge Ristesund, Helse Sunnmøre, nestleiar
• Odd Veddeng, Helse Sunnmøre
• Knut Nautvik, Helse Sunnmøre
• Torstein Hole, Helse Sunnmøre

Bak frå venstre Janette Osland Steinvik, Knut Nautvik, Torstein Hole, Marit Botnen, Helge Ristesund, Håvard Overå, Liv Stette, Hanne Lilllian Søvik, Odd Veddeng.
Arne Gotterberg var ikkje tilstades.
Det er og oppnemnt personlege vararepresentantar til medlemmane i utvalet.
Helse Sunnmøre ved seniorrådgivar Anny Sønderland har sekretariatsfunksjonen for utvalet.
Første møtet hadde m.a. følgjande tema til diskusjon:
• Samhandlingsavtalane
• Samhandlingsreforma
• Samhandlingsprosjekt på gang
• Prioritering av oppgåver m.a. kompetanseutvikling, samhandlingskonferanse til neste år og innsamling av data for å få ei samla oversikt over eksisterande prosjekt, tiltak og møtearena.
Samhandlingsutvalet vil til neste møte invitere aktuelle samarbeidspartpartnarar til møtet. Neste møte er onsdag 8. desember 2010.